Stavangerkameratene til Øyafest
Første namn til hovudscenen.

I midten av oktober kom Øyafest med dato, plan og første band til neste festival.
Dato for Øyafest 2023 blir torsdag 29. juni til laurdag 1. juli.
Stad er den same: Sundøy Arena.
Torsdag med kickoff i Humrahølo, som i år, fredag med fest berre i teltet og laurdag som fullskala festivalkveld i telt og ute ved storscenen.
Første booking er til fredag i teltet: Show med 3 Busserulls.
I kveld slepp dei neste band: Stavangerkameratene speler på hovudscenen laurdag 1. juli.
– Me håper å ha noko for alle, og Stavangerkameratene er lette for mange å lika, seier Ivar Vedholm Bøthun.
Han er festivalsjef saman med Tommy Aasen.
Sist Ivar såg Stavangerkameratene var saman med Mods på Viking Stadion.
– Eg synest faktisk dei var betre enn bandet som i si tid (Mods, rett etter slepp av «Tore Tang») sette publikumsrekord i ungdomshuset her ute.

Stavangerkameratene består av Kjartan Salvesen, Tommy Fredvang, Glenn Lyse og Ole Alexander Mæland.
Salvesen og Lyse vann Idol i 2004 og 2007, gruppa blei danna i 2015.
Høyr Martine Frotveit Johnsen, som song under årets Øyafest, sin versjon av «Bare så du vett det» - akkompagnert av trompet:

Bandet fekk dobbel platinatrofé for «Bare så du vett det» dobbel platina for debutalbumet og kom i 2022 med sitt tredje album, «Kom nærmare».
Stavangerkameratene har tidlegare spelt på både Tysnesfest og Osfest (2018).

Dei er kjent for låtar som «Vekk meg opp», ei omsetjing av Avicii-låten «Wake Me Up» som bandet venta sju månadar på godkjenning av, ein annan låt som opprinneleg er på engelsk, «Ka e ord» og deira eigne låtar, «Bare så du vett det» og «Vil du shalala».
Bildeserie:
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.