Politi | 21. juli 2025

Førarkortbeslag etter flaksande tørkestativ i tunell

Steinkasting, høg fart og tysk tullekøyring: Politiet i Os har hatt mange og svært ulike oppdrag denne helga.

Førarkortbeslag etter flaksande tørkestativ i tunell
Fartskontroll på Lyseklostervegen førte nesten til førarkortbeslag. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 21. juli 2025 13:26

I helga har politiet fått melding om både ran, bruhoppar som landa i båt og parkering av uregistrert bil i andre sin hage.

Les meir om desse i relaterte saker under.

Dei har dessutan hatt trafikkontroll, fått melding om steinkasting og tillaup til brann.

– I 20.30-tida fredag kveld var det trafikkontroll på Lyseklostervegen, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Det blei skrive ut seks forenkla førelegg.

Høgaste målte fart var 73 km/t i 50-sona, noko som fører til 13.050 kroner å betala og tre prikkar på førarkortet.

Klokka 00.50 natt til laurdag blei det observert ein person som kasta stein på ein av Kiwi-butikkane i Os.

– Alarmen blei utløyst og vedkomande sprang frå staden, opplyser Lyssand, utan å nemna om saka blir følgd opp.

Laurdag fekk politiet melding om eit flaksande tørkestativ i Skogafjellstunnelen.

Det er både 80- og 100-sone i tunellen. Stativet skal ha blåst av ein annan bil eller hengar, mot meldar sin bil.

– Det blei tatt beslag i førarkortet til bilførar, ein mann i 60-åra. Han samtykka til beslag.

Søndag formiddag fekk politiet melding om ein bil som køyrde vinglete på Strønevegen.

– Bilen skal ha køyrd over i motsett køyrefelt og opp og ned i fart.

Politiet fann bilen og kontrollerte førar.

– Vedkomande er ein mann i midten av 20-åra, ein turist frå Tyskland. Han fekk beskjed om å skjerpa køyringa si.

Søndag kveld klokka 20.45 kom det melding om branntillaup i Oshaugen.

– Det var ingen flammar, men det kom røyk frå ein tørketrommel. Brannvesenet rykte ut. Dei fortel at det var eit branntillaup, men at dei raskt fekk kontroll.

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.