Samferdsle | elleve timar sidan

Stengd veg ved Lysekloster kapell

Berging av køyretøy pågår.

Stengd veg ved Lysekloster kapell
Stengt veg, opplyser vegvesenet. Illustrasjon: Skjermdump frå Vegvesenet trafikk
Marie Ingeborg Kroka
Marie Ingeborg Krokaonsdag 18. feb. 2026 12:45

Klokka 12.31 onsdag 18. februar melder Vegvesenet om stengt veg, Fylkesveg 5156, ved Lysekloster kapell.

Bilberging pågår, og trafikken står i begge retningar.

Kva som skuldast bilberginga er ikkje kjent, men snøen gjennom natta og plussgrader på dagtid gir glatte vegar. Det har vore fleire hendingar i trafikken dei siste dagane.

For dei som alt har lagt seg på hjul i retning kapellet, vert det forhåpentlegvis ikkje alt for lenge å vente.

Vegvesenet estimerer at vegen opnar att klokka 13.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om