Samferdsle | 31. jan. 2026

Nei. Denne karen fekk ikkje køyra vidare.

Fann fleire feil på same bil.

Nei. Denne karen fekk ikkje køyra vidare.
– Til fare for mjuke trafikantar, meiner vegvesenet om desse hjulboltane. Foto: Statens vegvesen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 31. jan. 2026 14:27

Statens vegvesen har i dag vore på Svegatjørn kontrollplass ved E39 igjen.

Der sjekka dei 24 tunge og 2 lette køyretøy.

– Vi sjekka nokre varebilar, dei hadde alt i orden, seier John Kåre Larsen.

Men ein av dei tunge skilte seg ut.

– Ein semitrailer måtte sikra lasta si betre. Det blei også gitt ein teknisk mangel på grunn av lakkert radar i front av køyretøyet. Lakkering kan påverka funksjon.

Sløra utsikt avdekt på Svegatjørn kontrollplass. Foto: Statens vegvesen
Sløra utsikt avdekt på Svegatjørn kontrollplass. Foto: Statens vegvesen

Same køyretøyet fekk også bruksforbod på grunn av gardin i frontruta.

– Denne dekka dødvinkel og spegel.

Vegvesenet gav seg ikkje der.

– Det blei gitt bruksforbod grunna metallpiggar på alle hjulboltar på foraksel. Desse kan mellom anna skada mjuke trafikantar.

Dagen var likevel ikkje øydelagt for sjåføren.

– Alle bruksforboda blei reparerte eller fjerna på staden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om