Næringsliv | 12. feb. 2021

Stenger desse gangvegane i neste veke

No startar bygginga av parkeringshus på grusbanen.

Stenger desse gangvegane i neste veke
Dette er blant portane som blir stengt i neste veke. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 12. feb. 2021 11:48

Åsane Byggmesterforretning AS skal bygga nytt parkeringsanlegg for Bjørnafjorden kommune.

Anleggsarbeidet startar i veke 8, i neste veke (veke 7) byrjar dei å stenga av plassen - og fleire av gangvegane som elevar bruker i dag.

Trafikksikringsplan og skiltplan er no klar, og entreprenør er i gang med varsling.

– Vi kjem til å stenga portane som går frå gravplassen og ut i Giskavollen, skriv Åsane Byggmesterforretning i varslinga.

Nye gangsoner frå neste veke.
Nye gangsoner frå neste veke.
  • Også begge stiane som går langs grusbanen blir stengt.
  • Elevane må gå langs Byvegen eller Landboden og opp Oshaugen.
  • Ved skule- og SFO-slutt blir det sett ut vakt frå entrepreønør for å følgja med på trafikkbildet.

Som eit tryggleisktiltak blir det ikkje tungtransport gjennom Giskavollen mellom klokka 07.30 og 09.00.

Entreprenør ønskjer òg at ikkje det skal bli auka trafikk av personbilar i området i byggeperioden, og ber foreldre ta omsyn og lar dei eldre elevane gå frå bussterminal eller andre eigna plassar.

Elevar som blir køyrd til ungdomsskulen skal helst bli sett av og henta ved Os Aktiv.

Entreprenør ønskjer at trafikken av personbilar ikkje skal auka i byggeperioden.
Entreprenør ønskjer at trafikken av personbilar ikkje skal auka i byggeperioden.

Arbeidet går frå veke 8 og fram til det er ferdig hausten 2021.

Parkeringshuset får 154 parkeringsplassar i underetasje og kunstgrasbane på taket.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.