Samferdsle | 12. juni 2021

Stenger Mobergsbrua søndag kveld

Omkøyring blir om Os sentrum.

Stenger Mobergsbrua søndag kveld
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 12. juni 2021 19:21

Fredag morgon opplyste Vegtrafikksentralen at E39 ville bli lysregulert på Mobergsbrua grunna vedlikehald.

Til Bergens Tidende opplyste VTS at ein bilist hadde høyrd ein slaglyd då han køyrde over brua torsdag kveld.

Laurdag morgon opplyste Vegtrafikksentralen til Midtsiden at reparasjon ikkje har starta, og at Mobergsbrua derfor blir lysregulert gjennom helga.

Seinare i dag kom dei med oppdatert informasjon:

E39 Mobergsbrua blir stengt frå klokka 22.00 søndag kveld til 05.30 måndag morgon.

Det skal leggast ned ein køyrerampe over brufuga og asfalterast inntil denne.

Skaden kan ha vore der sidan april.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.