Dirigering grunna skade på Mobergsbrua
Oppdaga ein laus del i brufestet.

I 07-tida fredag morgon varsla Vegtrafikksentralen om dirigering på E39 over Mobergsbrua.
– Årsaka er vedlikehaldsarbeid, skriv VTS på Twitter.
Til BT fortel trafikkoperatør Jørgen Bødtker at ein bilist varsla om ein slaglyd då han torsdag kveld køyrde over brua, ved festet i eine enden.
– Vi har vore ute og sjekka, og vil ha inn ein bruekspert.
Ein ekspert frå Mesta skal vera på staden i 09-tida for å sjå på saka.
Ifølgje Google Maps si trafikkovervaking er det i skrivande stund korte køar i begge retningar nær brua, men foreløpig ikkje inn i Liafjellstunnelen.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Bli medlem du også!
Di støtte gir liv til lokalavisa vår.
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Fra 36 kr/uke
Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.