Lokal | 14. sep. 2019

Stenger Søvikåsen grunna skredfare

Kuling og fare for flaum og jordskred det neste døgnet.

Stenger Søvikåsen grunna skredfare
Ole Bulls veg blir stengt i kveld og fram til faren er over, som truleg er søndag kveld eller måndag. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 14. sep. 2019 16:36

NVE gjekk laurdag ut med varsel i gult nivå grunna fare for flaum og jordskred i Hordaland.

Det har regna tett i Os sidan 13-tida, og det skal halda fram med store nedbørsmengder fram til midnatt.

– Vi har førebels ikkje fått meldingar om problem grunna nedbør, men stenger Ole Bulls veg over Søvikåsen i 18.30-tida, då denne er rasutsett, seier teknisk vakt i Os kommune.

Vegen blir stengt til faren er over.

– Vi ber samtidig folk sikra trampolinene sine, og å sjekka utandørs drenering, om dei har sluk som plar gå tett. Bakkane er nok metta av vatn no, så det er fare for at vatnet flyter over ulike vegar i Os, køyr forsiktig!

Det er samtidig meldt liten kuling frå vest utover kvelden. Vindstyrken skal halda seg sterk gjennom natta og morgondagen, fram til seint på kvelden søndag.

• Sjå vêrvarsel for Os på VG Pent

Det er meldt regn også måndag, men i mindre mengder. Også vinden skal løya over helga.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.