Lokal | 11. mars 2010

Stengt til over helga

Åtte bustadar blir isolert i fleire dagar etter at Os kommune bestemte å stenga Øvredalsvegen.

Stengt til over helga
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 11. mars 2010 14:47

Bildeserie:

1 av 3

Etter synfaring med geolog Jann Atle Jensen frå Multiconsult og brannsjef Stein Gjøsund har Os kommune valt å halda vegen til Øvredalen stengt for allmenn ferdsle.

Vegen blir i alle fall stengt til over helga.

Det har gått to ras over vegen dei siste tre dagane, det siste gjekk onsdag ettermiddag og sperra 40 meter av vegen.

- Kor mange bustadar er ramma av vegstenginga?

- Eg trur det er åtte. Desse har vi dialog med, og om det er naudstilfelle kan dei få kjøra forbi rasfareområdet, men då med samband og vakthald, seier kommunaldirektør Karl Ole Midtbø til Midtsiden.no.

Faren for nye ras aukar med nedbørsmengdene. Når snømengdene vert metta med vatn, kan det fort gå nye ras.

I tillegg til telefonvarsling til oppsitjarane i Øvredalen, blir alle oppringt av Os kommune med førespurnad om nokon treng hjelp av noko slag.

Naudsynte telefonnummer for moglege spørsmål blir opplyst i telefonvarslinga i ettermiddag til oppsitjarane.

(Oppdatert med bilde kl 20.05)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.