Sport | 22. okt. 2012

Sterk 7. plass i Italia

– Eg tenkte eg skulle testa formen i ei kortare løype, seier Thomas Andersen, som i helga kom på 7. plass i 63 km lange Trail e Ultra-trail del Lago d'Orta.

Sterk 7. plass i Italia
Thomas Andersen. (Privat arkivfoto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 22. okt. 2012 10:52

Blant 308 deltakarar kom osingen Thomas Andersen på 7. plass i Trail e Ultra-trail del Lago d'Orta i Nord-Italia.

– Med tanke på VM-uttaket til våren ville eg prøva meg i ei løype som liknar litt distansen som skal springast i VM i Wales til sommaren, ei litt kortare løype enn den eg sprang sist eg var utanlands, seier Thomas om deltakinga ved ein av innsjøane nordvest for Milano.

Andersen kom på ein fantastisk 11. plass blant 1.400 kvalifiserte deltakarar i 116 km lange Sur les Traces des Ducs de Savoie (North Face Ultra Challange Mont Blanc) i august.

Les òg: – Beina ser ikkje klok ut!

Ultraløpet han deltok på i helga er 63 km langt og med 3.600 høgdemeter forskjell. Thomas sprang i mål på tida 7:14:06, cirka eit kvarter bak 4. plassen og 27 minutt bak vinnaren, italienske Daniele Fornoni frå Team Tecnica.

Lokale proffar

– Det var mange proffe løparar med fullt støtteapparat rundt seg. Hadde eg hatt sekundant, eller i det minste forstått kva som blei sagt til meg på stasjonane vi sprang innom, ville eg kanskje klart å klatra ein plass eller to til, for det var berre 3 minutt fram til 6. plassen.

– Men det var godt å sjå at eg slo minst to løparar frå Team Salomon, seier Thomas nøgd.

Blant dei 20 beste var det, utanom Thomas, berre ein danske, ein spanjol og ein sveitsar som ikkje kom frå Italia.

Thomas meiner det var tydeleg å sjå at fleire hadde fordel av å kjenna løypa godt frå før.

– Høgt tempo

63 kilometer er langt, men når førre løp for Thomas var på 116 km blei det eit anna tempo.

– Eg la meg i ei gruppe på 11-12 deltakarar som gjekk i tet, og tempoet var veldig høgt. Eg var spent på kor lenge eg ville halda med den farten.

– Men vi drog ifrå resten og eg klarte å klatra litt frå å ligga blant dei bakerste til å ligga tett på 6. plassen.

Blei velsigna

Om det byrjar å bli vinter her heime var det gode forhold i Italia.

– Vi sprang i rundt 20 varmegradar i låglandet, også i ein del skog. Arrangørane er flinke til å legga terrengløpa i flott og variert landskap, så det blei ei veldig fin oppleving.

At han sprang forbi veldig mange små kloster er ikkje det einaste som sette eit litt religiøst preg på løpet.

– Vi blei faktisk velsigna før start, det var ei litt spesiell oppleving, seier Thomas, som tydelegvis ikkje tapte på å ha litt heilag vatn over seg før starten gjekk.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.