Sterk NM-bronse
Mattias Nikolai Haugland og Arne Hadler-Olsen rodde inn til ein oppsiktsvekkjande bronse under noregsmeisterskapet på Årungen i helga.

Os Roklubb stilte ein liten, men god tropp, under årets NM som gjekk på riksanlegget Årungen Rostadion like utanfor Oslo.
Mattias Nikolai Haugland og Arne Hadler-Olsen rodde inn til ein oppsiktsvekkjande bronsemedalje i dobbeltsculler Jr A, 2000 meter.
– Mattias og Arne satte verkeleg sitt preg på løpet og leia halvvegs, men blei knepent fråtatt sølvet i sluttspurten, 0,8 sekund bak Tønsberg.
– Vinnarane frå NSR blei for sterke og besto mellomanna av Oscar Stabe som nyleg innkasserte ein fjerde plass i VM, fortel trenar Audun Hadler-Olsen.
Prestasjonen i dobbelsculler er den beste dei to har gjort saman.
– Medaljen er ein fin inspirasjon til vidare satsing.
Sterke også aleine
Dei to unge talenta frå Os viste òg at dei kan bita frå seg aleine i båten.
– Under laurdagens løp i singelsculler kvalifiserte båe seg til A-finalen.
– Arne ror inn til ein sterk fjerdeplass, med Mattias like bak på femte, seier rotrenaren.
Firar i Baltic cup
No ventar ein 14 dagars treningssamling på dei to rogutane, før dei skal ut i Baltic Cup i St. Petersburg 28. og 29. september.
– Der skal dei konkurrera i i dobbeltfirar på distansane 500 og 1000 meter.
– Den båten skal dei ro saman med Johannes Heggebø Jansen (Fana) og Didrik Wie Soltvedt (Bergen).
– Baltic cup blir avslutninga på ein lang og solid sesong med fleire høgdepunkt, avsluttar Hadler-Olsen.
Også Eivind Halhjem frå Os deltok på Årungen i helga. Han rodde seg inn til ein tredje plass i sitt heat på 1000 meter singelsculler jr-B.