Reise og turisme | 30. juli 2021

Sterk vekst i norske overnattingar

Ferske tal for hotell, camping og hytter i Noreg, Vestland og Bjørnafjorden.

Sterk vekst i norske overnattingar
Mengda norske turistovernattingar er nesten på nivå med rekordåret 2019. Her er bubilparkeringa på Steinneset i Os sentrum sommaren 2020. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 30. juli 2021 08:42

Det var ein kraftig vekst i talet for norske overnattingar i juni i år, samanlikna med juni i fjor, viser ferske tal frå SSB.

Juni var i år som i fjor, prega av letta pandemin-restriksjonar som gjorde det mogleg for fleire nordmenn å reisa.

Det er berre ved to tidlegare år, der har SSB registrert fleire norske overnattingar i juni, som tyder på at nordmenn brukte denne sjansen til å reisa meir.

Tal frå overnattingsstatistikken viser at det samla var om lag 2,8 millionar overnattingar ved kommersielle overnattingsverksemder i juni i år.

Det er ei auke på 18 prosent samanlikna med juni i fjor.

Juni var i år framleis prega av få utanlandske overnattingar, sjølv om det var fleire lettelsar i reiserestriksjonar.

Samla overnattingar for juni 2021 målt mot juni i rekordåret 2019 viser ein nedgang på 35 prosent. Men dette inkluderer den store nedgangen i utanlandsturisme.

Norske overnattingar fall med berre 3,4 prosent samanlikna med rekordåret 2019.

Utanlandske overnattingar fall med heile 91 prosent.

Meir enn dobling i Bjørnafjorden

Tal for Bjørnafjorden kommune viser 4.868 overnattingar i juni mot 1.947 i juni 2020.

  • I mai i år hadde vi 3.303 gjestedøgn mot 936 i april og 369 i mars.
  • 40 av døgna i juni og 42 av døgna i mai var gjestar frå utlandet.
  • I juli i fjor var det 6.670 gjestedøgn i Bjørnafjorden kommune. Tal for juli i år kjem i slutten av august.

* Det er uvisst kva lokale overanttingsstadar i Bjørnafjorden SSB inkluderer i statistikken sin (båtgjestar si hamneavgift er ikkje nemt, bubil er ikkje spesifisert under camping), så talet kan vera høgare. SSB har berre statistikk frå 2021 og 2020 for Bjørnafjorden, ikkje normalåret 2019 eller tidlegare.

Camping: Vekst i Noreg - nedgang i Vestland

Mens Noreg samla sett opplever vekst, er det nedgang i både camping- og hotellovernattingar i Vestland.

Det var mange nordmenn som benytta campingplassar i fjor og, men i år var det over 100.000 fleire overnattingar.

Innlandet, Agder og Nordland hadde alle tre ein betydeleg auke i overnattingar, og bidrog mest til auken.

Berre éin gong tidlegare, etter at SSB i 1968 byrja å registrera norske overnattingar på campingplassar, har det vore over 1 million norske overnattingar i ein junimånad.

Men i Rogaland, Vestland, Møre og Romsdal og Trøndelag var det nedgang i campingovernattingar samanlikna med juni 2020.

Hotell - stor forskjell frå fylke til fylke

Det var om lag 1,2 millionar overnattingar ved norske hotell i juni.

Dette er ein auke på om lag 19 prosent frå juni i fjor, men framleis under halvparten av overnattingane det normalt er i juni.

Samanlikna med juni 2019 har Svalbard og Oslo gått ned med rundt 70 prosent.

Også Vestland går mykje tilbake, 54 prosent frå juni 2019.

På den andre enden av skalaen hadde Agder, Nordland, Vestfold og Telemark ein mindre nedgang, med 5, 14 og 15 prosent færre overnattingar.

I slutten av august får vi tal for den noko større og viktigare feriemånaden juli.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.