Reise og turisme | 15. juli 2021

Frå Afrika og Sør-Amerika til Vestlandet

– Det hadde halde med ein vanleg bubil på desse vegane, seier Gloria Colombi og Renato Dotta.

Frå Afrika og Sør-Amerika til Vestlandet
Gloria Colombi og Renato Dotta takka for seg i går - og følgde reiseråd frå hamneverten. (Foto: Os Travel)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 15. juli 2021 09:24

Onsdag ruva denne bubilen på gjesteplassen på Steinneset.

– Det er nokre få selskap som tilbyr sånne spesialtilpassa bubilar. Denne kjøpte vi i Austerrike, fortel eigarane, ekteparet Gloria Colombi og Renato Dotta frå Sveits.

Bubilen er ein 14,5 tonn MAN med firehjulstrekk og 355 hestekrefter, dieseltank på 600 liter og like stor vanntank.

Selte firma for å reisa

– Vi hadde ein vanleg bubil før, men ville reisa meir, og og til fleire eksotiske stadar.

Dei har nokre firma, blant anna ein køyreskule og sju solstudio.

– Vi selte solssentrene og let broren min styra køyreskulen, så vi kunne reisa meir.

Bilen blei levert i 2013. I 2014 og 2015 gjekk turen til Marokko og Kreta, frå 2017 til 2018 blei det ein lengre tur i Afrika, frå Sør-Afrika via Mosambik, Malawi, Zambia og Botswana.

Frå 2018 til 2020 sto Sør-Amerika for tur, frå Uruguay til Equador.

Retning nord for første gong

– Vi har vore heime i Europa om somrane, men er så glad i varmen at turen stort sett har gått sør for Sveits. No ville vi prøva oss i nord, så vi køyrde til Sverige. Men så snart Noreg opna, fredag, gjekk turen til Vestlandet.

Via appen Park4Night fann dei Os.

– Det såg veldig fint ut, så då køyrde vi frå Bergen og opp her. Vi hadde litt problem med å betala avgift, så vi ba hamneverten Hans Parnefält om hjelp. Han gav oss også mykje god informasjon.

Hamneverten Hans hjelpte til med både betalingsløysinga og reiseråd vidare.
Hamneverten Hans hjelpte til med både betalingsløysinga og reiseråd vidare.

Turen går vidare sørover, men i staden for å ta E39 som planlagt, følgde dei Hans sitt råd og køyrde via Rosendal.

– No vil vi ta oss ein liten fjelltur før vi køyrer vidare. Vi må vera heime i Sveits om to veker, så vi blir nok berre i Noreg fem dagar til i denne omgang.

Paret har publisert mange bilde frå turane sine på nimbusontheroad.com. Dei bur sør i Sveits, og snakkar i hovudsak italiensk, som også er språket på heimesida.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.