Sterke i Sarpsborg

Roerane frå Os leverte sterke resultat under helgas stemne i Sarpsborg.

Andris Hamreonsdag 17. aug. 2011 11:04

Åtte av juniorroerane i Os Roklubb stilte i helga på stemne i Sarpsborg.

- Det var flotte forhold med fin vêr og mange gode resultat, fortel sportsleg leiar Audun Hadler-Olsen.

Sprint laurdag

Laurdagens øvelser var sprint på 200 og 500 meter.

På laurdag var det heatpremiering i singelsculler jr b (utøvere født 1995/96) rodde Thorbjørn Sperrevik Hansen inn til ein sterk førsteplass, med Arne Hadler-Olsen på andre og Mattias Haugland på fjerde.

- Eivind Halhjem tok i tillegg ein flott andreplass i singel sculler åpen klasse for nybyrjerar, fortel Hadler-Olsen.

Sterk 3. plass

Sundagens løp gjekk i dei lengre distansane 1000, 1500 og 2000 meter.

Klubbens flaggskip, Amund Bjørnevik, stilte til start i seniorklassa saman med VM-makkar Martin Helseth i toar utan styrmann.

- Dei oppnådde ein sterk 3. plass med kort avstand opp til vinnerane frå Oslo, smilar ein nøgd Hadler-Olsen.

I junior B bytta Osroarane litt på kven av dei som leverte dei sterkaste prestasjonane. Thorbjørn Sperrevik Hansen kom inn på andre plass, medan Arne Hadler-Olsen tok fjerde og Mattias Haugland femte plassen.

Gøran Opdal Nordberg og Sebastian Haarvei (junior C født 1997/98) rodde seg inn til fjerdeplass i dobbeltsculler.

Klare for NM

17. og 18. september arrangerast NM for junior A og seniorar på Voss.

- No er det full fokus på trening fram mot NM som er det siste store stemnet i år.

- I tillegg vil det vera vanleg regatta for dei yngste juniorane, så vi planlegg å stille med 10 utøvarar på Voss, avsluttar Audun Hadler-Olsen.

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Knappe 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.