– Sterkt prega av ulykka
Bilførar, ei kvinne i 50-åra, omkom etter frontkollisjon med buss på Hetleflåten.
Bildeserie:
Fredag klokka 9 blei det varsla om trafikkulykke på E39 Byvegen ved Hetleflåten i Os.
– Det er ei alvorleg ulykke. Bilførar er fastklemt og bevisslaus, fortalte politiet klokka 09.15.
Vedkomande var åleine i bilen, og blei frigjort klokka 09.23. Gjenoppliving blei forsøkt, men bilførar blei klokka 09.37 erklært død av lege på staden.
– Vi kan førebels ikkje seia noko om kjønn eller alder på den omkomne, fortel innsatsleiar Casper Kaland.
Arbeidet med å varsla pårørande var klokka 10.30 ikkje ferdig.
OPPDATERT: Fredag ettermiddag opplyser politiet at den omkomne er ei kvinne i 50-åra frå Os.
– Bussjåføren er uskadd, men sterkt prega av ulykka. Det var tre passasjerar i bussen. Dei var i sjokk, men er òg uskadd.
Front mot front i 70-sona
Politiet kan førebels heller ikkje seia noko om årsaka til ulykka.
– Det var ein frontkollisjon. Vi har grunn til å tru at begge heldt fartsgrensa, men ved ein frontkollisjon i denne farten er det sterke krefter i sving.
Bussen hadde retning Os, bilen hadde retning Bergen.
Det er ikkje tatt beslag i førarkortet til bussjåføren.
Han er undersøkt av helsepersonell på staden og blir tatt vare på av busselskapet han jobbar for.
• Os kommune har sett ned eit kriseteam for involverte og pårørande
E39 er framleis stengt - trøbbel over Fanafjellet
Krimteknisk er på staden, men politiet venta i 10.30-tida framleis på ulykkesgruppa til Statens vegvesen.
E39 blir stengt forbi Hetleflåten ei stund, og Midtsiden har fått fleire meldingar om problem i trafikken både i Lysefjorden og på Fanafjellet.
Årsaka skal vera at lastebilar og vogntog som møtast har problem med å passera kvarandre.
OPPDATERT: E39 opna igjen klokka 12.45.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.