Kultur | 05. okt. 2010

Stikk på stranda

Vidar Bratlund Mæland lanserte i kveld si andre bok om Kald Kaffi Sauen.

Stikk på stranda
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 05. okt. 2010 21:06

I november i fjor debuterte kunstnar og tidlegare serieskapar Vidar Bratlund Mæland som forfattar. Med barneboka «Pappa møter Kald Kaffi Sauen» introduserte han oss for forklaringa på kvifor kaffien fort blir kald når vi har ungar rundt oss.

- Boka har selt overraskande bra, i hovudsak på Vestlandet, men det har også gått nokre eksemplar over fjellet og ut av landet, seier Vidar.

Til teksten, som er på nynorsk, fekk han hjelp av forfattarmamma Bente Bratlund.

Ny bok lansert i kveld
Allereie i fjor fortalte Vidar at han hadde fleire manus klart.

- Eg har manus til seks bøker, så dette er heller ikkje den siste, seier Mæland.

Ein månad før forfattaren hadde venta bok nummer to på plass i heimbygda kom kartongane frå trykkeriet.

Dermed blei det lansering i Solbakkestova under ei framsyning tysdag kveld.

- Boka er allereie på plass i biblioteket på Os, det er viktig at dei får den først, synes eg. Frå neste veke er den også å finna i bokhandelen.

Sauen på stranda
Som far til tre, den yngste ein gut på 5 år, synes eg sauen treff midt i blinken. Ikkje minst i bok nummer to, når familien tar turen til stranda og far framleis er livredd for at sauen skal blåsa kaffien kald.

Er det ein stad det er lett for at både kaffien og avisa blir verande for seg sjølv så er det i fjøra.

Pappaen i boka bygger sandslott for å halda sauen vekke og er meir redd for sauen enn for krabben som nærmar seg.

Med skaldyr, måse og morosame teikningar av redd pappa er skjergardsutgåva av Kald Kaffi Sauen ei spennande bok for dei yngste vestlendingane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.