Sport | 15. juli 2012

Stille start på fisket i Oselvo

Lite vatn, lite folk og lite fangst dei første timane av årets fiske.

Stille start på fisket i Oselvo
F.v.: Nils Ekerhovd, Rune Ekerhovd og Nils Henrik Rød i sone 2 opningsnatta. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 15. juli 2012 07:36

Natt til søndag 15. juli, to veker seinare enn i fjor, starta årets fiske i Oselvo.

– Hadde fisket starta 1. juli som vi ba om så ville det bitt bra, då var elva stor, seier avtroppa leiar i fiskeutvalet i Os Jakt og Fiskelag, Einar Sørstrønen.

Men årets opningsnatt var med lite vatn i elva og med få fiskarar på post. Om fiskekorta var selt var det få stenger å sjå nedst i elva.

Sørstrønen spaserte oppom sone 2 den første timen av årets fiske.

Med utstyret i bilen

I sone null sat det to fiskarar og såg på elva den første timen. Dei hadde ikkje ein gong tatt utstyret ut av bilen.

– Vi sit her og ser småfisken vaka. Vi kjem kanskje til å kasta snøret uti, men det kan også henda at vi ventar til i morgon, for vi har kort då òg, seier Dagfinn Midtun.

Han skulle fiska med Bjørn Eitrheim, men begge meinte sjansane var så små i den vesle elva at dei hadde det langt ifrå travelt med å få kroken i vatnet.

– Endeleg opningsnatt

Nils Ekerhovd, som tok årets Oskar heile 12 dagar ut i fiskeåret 2008, ein laks på 7,4 kilo i sone 2, vann trekninga av kort i sone 2 opningsnatta.

– Eg har fiska i Oselvo i snart 50 år, men eg trur faktisk dette er første gong eg har fått kort opningsnatta.

Med seg hadde han sonen Rune og kameraten Nils Henrik Rød.

Les òg: Første Oskar på 17 år

Første fisk på land

Berre ein halvtime etter at fisket starta hadde Ekerhovd første fisk på land, ein fin aure på rundt 0,5 kilo.

Aure er ikkje lov å fiska i år, i staden kan du ta to laks, så fisken måtte ut igjen.

Verken på austsida av sone 2 (Bård Lyssand og Sjur Veim sitt terreng) eller i sone 1 var det fiske i starten av opningsnatta.

Då Midtsiden gjekk frå elva i 1-tida hadde vi ikkje høyrt om fangst. Ole Vidar Søviknes på prohd.no har i skrivande stund heller ikkje registrert fangst.

Har du fått fisk? Tips Midtsiden på 90 78 92 70 eller kjetil@midtsiden.no.

Midtsiden samleside: Jakt og fiske

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.