Sport | 25. nov. 2010

Stiller i Vestlandshallen

Medan Erik Kanestrøm speler på allianselaget stiller Kjetil Hansen for Brann.

Stiller i Vestlandshallen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 25. nov. 2010 20:34

Fredag klokka 16.30 startar treningskampen mellom Brann og Sparebanken Vest-laget, der dei beste 2. og 3. divisjonsspelarane i Hordaland er samla.

Erik Kanestrøm er einaste Os-spelar på SPV-laget, men Kjetil Hansen, som også var nominert, er no tatt ut til motstandartroppen.

- Ketil Elvenes (Os sin keepertrenar) ringte meg og sa at Brann trengte assistanse, så eg har vore på trening med dei i dag, fortel Hansen.

I morgon startar han på benken mot allianselaget.

- Det blir stas å vera med! Håper eg får meg nokre speleminutt òg, sjølv om det blir litt kjipt for Kanestrøm. Eg kjenner han jo inn og ut, så han kan like gjerne gå av banen om eg hamnar mellom stengene, fleipar Os-keeperen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.