Kultur | 19. jan. 2011

Stiller på nyttårskonsert

Nornekoret, med dirigent June Strønen, er blant dei som skal på scenen når Os Musikkforening søndag held sin årlege nyttårskonsert.

Stiller på nyttårskonsert
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 19. jan. 2011 09:48

Førstkomande søndag ønskjer Os Musikkforening velkomen til nyttårskonsert i Fjellheim.

I år har vi invitert Nornekoret til å vere med oss for å feira nyttåret. Koret vart starta for om lag halvtanna år sidan og har tilknyting til Nore Neset Grendalag.

Dette er eit damekor med mellom 25 og 30 medlemer i alder frå 20 – 60 år. Dirigenten deira, June Strønen, fortel at dei stort sett vel repertoir frå pop- og visesjangrane.

På nyttårskonserten vil vi bl.a. få høyra eit par velkjende Beatles - låtar, vakre ”Nocturne” av Evert Taube og Chicago sin kjende ”You’re the inspiration”. Vi gler oss til å høyra dei!

”Champagne - Galopp” vil setja sitt nyttårspreg på konserten, og i tillegg vil Musikkforeningen bidra med bl.a. latin-amerikanske rytmar i ”Son Montuno”, ”Bridges over the River Cam” – Derek Bourgeois og ”Country Gardens” som er ein engelske folkemelodi.

Kveldens solist, Nina Herland, framfører ”The Coon Among the Chickens” på xylofon. Vi byd også på eit par fellesnummer saman med koret, bl.a. ”Calle Schewens vals” av før nemnte Evert Taube.

Konferansier, Karl Ole Midtbø, vil knyta saman det heile for oss. Og med ”Pomp and Circumstance” som avslutning vil også publikum få vera med og syta for stemning som kan høva for ein nyttårskonsert!

I tillegg til den musikalske opplevinga vert det tid til å slå av ein prat med kjentfolk og andre musikkvener. Pausen med kaker, brus og kaffi er sjølvskriven!

Velkomen til konsert, søndag kl.18.00!
Os Musikkforening

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.