Kultur | 08. feb. 2010

Stiller ut i Os

Den norske og den nigerianske oljeindustrien blir samanlikna i ei vandreutstilling som startar på Os 13. februar.

Stiller ut i Os
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 08. feb. 2010 10:41

Bildeserie:

1 av 2

Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design presenterer ny vandreutstilling med verk av George Osodi. Visningssenteret i Os sentrum er første stopp på den landsdekkande turneen i 2010-2011.

I "Oil Rich N&N" samanliknar den nigerianske fotografen George Osodi den norske og den nigerianske oljeindustrien. Han er opptatt av kvardagslivet der oljeproduksjonen går føre seg, skriv Nasjonalmuseet i ei pressemelding i dag.

Vil ikkje sjokkera
Osodis dokumentasjon av det oljerike deltaet sør i Nigeria har ført til eit omfattande verk som tek for seg dei ekstreme forholda i regionen, både samfunns- og miljømessig. Den aukande uviljen mot oljeindustrien og statstilsette har gitt klar bane for væpna militia som ikkje nøler med å bruke vald for å forsvare sine rettar.

Fotografia frå Noreg vart gjort under opphald i Stavanger, Oslo og Lofoten i 2008. Osodi er ikkje ute etter å sjokkere, men legg heller til rette for at publikum kan gjera seg opp si eiga meining. Verket inngjekk i utstillinga "Hypocricy: The site specificity of morality", som vart vist ved Nasjonalmuseet (Museet for samtidskunst) våren 2009.

Stor interesse
Utstillinga er ei lysbileteframsyning som viser to bilete samstundes direkte på vegg. Utstillinga blir opna av kultursjef i Os, Lisbeth Axelsen, laurdag 13. februar klokka 14. Per Odd Bakke, avdelingsdirektør for landsdekkande program ved Nasjonalmuseet for kunst, arkiktektur og design vil vera tilstades på opninga.

Det er stor interesse for utstillinga, og vel tjue skuleklassar er påmeldt til omvisingar med dagsaktuelt tema om oljeindustri og miljø.

Utstillinga i Os blir open fram til 21. mars, torsdag til og med sundag frå klokka 12 til 17 med omvising av fagpersonar 14. februar og 13, 14, 20 og 21. mars klokka 14.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.