Fotball | 11. okt. 2013

Stø kurs mot kvalifisering

Fotballhelga i Os: Os sitt damelag og Søfteland sitt herrelag speler om opprykk på heimebane i helga.

Stø kurs mot kvalifisering
Os sitt damelag speler søndag sesongens siste heimekamp. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 11. okt. 2013 10:05

Søndag tapte Os for serieleiar Sund. Heimekampen i vår enda 0-3, bortekampen 4-0.

– Det var ikkje så verst, med fullt mannskap kunne vi slått dei, meiner trenar Cato Moldskred.

Os hadde den største sjansen før ubesigra Sund etter drygt 30 minutt skåra kampens første mål.

Tapet fører likevel ikkje til rørsle på tabellen, Os ligg framleis stødig på 2. plass når to kampar står igjen.

– Vi møter dei to laga nedst på tabellen i dei to siste. Det held tuleg med siger i éin av desse, så får vi 2. plass og kvalifiseringskamp for opprykk til 3. divisjon, seier Moldskred.

SJÅ TABELL

Damekampen Os - Stord startar klokka 16 søndag.

Søfteland kan vinna avdelinga

Begge 3. divisjonslaga i Os speler borte laurdag, Lysekloster mot Kopervik, Os mot Randaberg.

Også Os 2 (4. div.) og Lysekloster 2 (5. div.) speler sine neste kampar på bortebane, onsdag og søndag.

I 6. divisjon avdeling 3 speler Nore Neset borte og Søre Neset heime.

Søre Neset på 5. plass tar imot botnlaget Hasunds Hund laurdag klokka 13.

Meir spennande er det med Søfteland, som framleis kan rykka opp.

Søfteland på 2. plass avsluttar sesongen heime mot Hausvik på 7. plass, med kampstart laurdag klokka 12.

Serieleiar Kalandseid ligg 2 poeng framfor Søfteland og avsluttar sesongen borte mot Sleipner på 3. plass.

Kalandseid har langt betre målforskjell (14) enn Søfteland, og må nok tapa for at Søfteland med siger skal vinna serien.

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.