Politi | 03. jan. 2022

Sto ved tursti og onanerte

Politiet ber om tips.

Sto ved tursti og onanerte
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 03. jan. 2022 09:50

I 15-tida laurdag 1. januar blei ein mann observert mens han onanerte ved ein av turstiane opp til Høglikampen.

Mannen sto med svart eller mørk jakke, hadde hette over hovudet, og ei turbukse som var lysare, men med noko mørkare farge på knea.

Politiet var på staden med ein patrulje.

– Dei var både i terrenget og på fleire av parkeringsplassane og sjekka kva bilar som sto der, seier politioverbetjent Christine Grindstein.

– Vi har tidlegare registrert krenkande, seksuell åtferd, men ikkje frå dette området.

Politiet ber vedkomande melda seg for forklaring.

Dei ønskjer også tips frå andre turgåarar, om dei har observasjonar som kan vera relevante.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.