Mann i bil skal ha blotta seg for dame

Spurde om vegen til ei adresse mens han tok på seg sjølv.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 16. nov. 2021 09:37

Måndag kveld informerte ei kvinne, via «Oppslagstavlo» på Facebook, om ein episode med blotting.

Ein mann hadde kome på Ferstadvegen i ein kvit skapbil og spurde ei kvinne om vegen til ei adresse.

Han skal ha snakka engelsk, og ikkje forstått svaret, eller lata som han ikkje forsto, og då oppdaga kvinna at han sat med buksa open.

Han skal så ha køyrd frå staden i stor fart. Kvinna reknar med at mannen er i 20-30-åra.

Innlegget er kommentert med at ein liknande bil køyrde «som ein idiot» ned Hjellevegen i 20-tida i går.

– Tok på seg sjølv

Politiet har fått melding om saka.

– Det var ein dame i 50-åra som var ute og lufta hunden. Då mannen snakka til ho, og ho gjekk nærmare bilen, såg ho at han sat med buksa open og tok på seg sjølv, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Ho seier politiet ikkje har fått liknande meldingar den siste tida.

Stoppa liknande på Fanafjellet

Gårsdagens innringar rakk ikkje notera registreringsnummeret på bilen, men skildrar den godt.

– Vi stoppa nyleg ein liknande bil på Fanafjellet. Bilen hadde ikkje kjenneteikn bak.

Vedkomande er ein del meir enn 20 år, men også han var utanlandsk og snakka engelsk.

– Det er uvisst om det er samanheng mellom dei to. No vil vi undersøka korleis vi vil følgja opp saka.

Ferskaste omtale vi finn av blotting i Bergen er to saker i BT.

Den eine er ein mann i 20-åra som er tiltalt for 19 tilfelle av blotting tidlegare i år, og ein annan mann i 20-åra som for tre veker sidan blotta seg for barneskuleelevar på Askøy.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.