Stolen BMW funnen bulka i Os
Politiet: Mistanke om piratkjøring, bortvising av sint jente og funn av stolen bil.
Natt til fredag 18. april fekk politiet melding om tjuveri av bil.
Ein BMW var sakna frå ei adresse på Søfteland.
– Vi fann bilen igjen i Os sentrum på dagen i går. Bilen var skadd både innvendig, då den er tjuvkopla eller forsøkt tjuvkopla.
– Den var også lettare bulka, fortel politibetjent Kenneth Rastad.
Bilen er tatt inn av politiet for nærmare undersøkingar.
Aggressiv på Solsiden
Natt til søndag fekk politiet melding om ei sint og utagerande jente utanfor Solsiden.
Ho fekk pålegg om å fjerna seg og halda seg vekke frå Os sentrum.
Mistanke om piratdrosje
Natt til laurdag stoppa politiet ein bilist som var mistenkt for å driva med ulovleg drosjeverksemd.
Men politiet fann alt OK i bilen til vedkomande.
Fin kjøring
Politiet hadde i går to trafikkontrollar, på Strønevegen (45 kontrollerte) og på Byvegen ved Amfisenteret (15 kontrollerte).
Dei fann ingenting å reagera på.