Lokal | 29. juli 2009

Stolen i sentrum

Det siste døgnet har politiet tatt ei ung jente med hasj i lommene, og fått melding om tjuveri av båt på Steinneset.

Stolen i sentrum
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 29. juli 2009 13:00

Politiet er interessert i tips etter at ein Askeladden 475 med 50 hk Mariner er meldt stolen.

- Båten blei tatt ein gong mellom 16. juli og i dag, seier politibetjent Eivind Hellesund til midtsiden.no.

Båten låg i låst brygge på innsida av moloen på Steinneset i Os sentrum. Om registreringsmerket framleis heng på så viser dette RAO 376.

Tatt med hasj
I 19-tida tysdag kveld blei to personar stoppa av politiet i Os sentrum. Den eine av dei, ei jente på under 18 år, hadde hasj i lomma.

- Vi tok beslag i narkotikaen. Verge har tatt hand om den mindreårige jenta, seier Hellesund.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.