Politi | 27. juli 2022

Stoppa bil med bruksforbod - bilførar var utan lappen

Uhell ved Amfisenteret, to floger i éin smekk i Lysefjorden.

Stoppa bil med bruksforbod - bilførar var utan lappen
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 27. juli 2022 07:24

Tysdag i 17.45-tida fekk politiet melding om eit trafikkuhell i Prestegardsskogen.

Det var ingen personskade og heller ikkje nokre trafikale problem.

– Ei kvinne i 20-åra hadde køyrd på ein annan bilist bakfrå. Detvar store materielle skader, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Det er ikkje mistanke om køyring i rus, men politiet har oppretta sak.

Meldt for køyring utan førarkort

Rett før klokka 22 tysdag kveld, stoppa politiet ein bil på Lyseklostervegen.

Det var ilagt bruksforbod på bilen, men heller ikkje førar burde vore på vegen.

– Bilførar, ein mann i 40-åra, har ikkje førarkort.

Det blei tatt beslag i skilta og bilførar er meldt.

Fekk køyra vidare

Klokka 23.40 stoppa politiet ein bil der det ikkje er betalt omregistreringsavgift på.

Mangelen blei ordna på staden, og bilførar fekk køyra vidare.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.