Politi | 25. juli 2022

Kolliderte ved Vinmonopolet

To uhell og to trafikkontrollar laurdag og søndag.

Kolliderte ved Vinmonopolet
Arkivbilde frå Hamnevegen, bilane på bildet var ikkje involvert i uhellet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 25. juli 2022 08:06

Laurdag i 16-tida var det ei påkøyrsle i Hamnevegen, ved Vinmonopolet.

– To bilar var involvert. Patrulje var på staden. Ingen personar blei skadde, og partane fylte ut skademelding, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.

Søndag klokka 18.10 var det eit trafkkuhell på Halhjem ferjekai.

– Ein bil køyrde på ein annan. Også her var det utan personskade og med små materielle skadar.

Fekk forelegg på Halhjemsvegen

Laurdag i 18.30-tida hadde UP fartskontroll på Halhjemsvegen.

Det blei skrive ut fem forenkla forelegg.

Høgaste målte fart var 83 km/t i 70-sona, noko som fører til 5.150 kroner i forelegg og to prikkar på førarkortet.

Søndag i 22-tida hadde utrykningspolitiet promillekontroll både på Halhjemsvegen og ved YX.

24 trafikantar blei kontrollerte, alle var edru.

Laurdag rundt klokka 23.45 blei ein bil stoppa i Mobergsbakken. Det var begjæring om bruksforbod, så bilen blei avskilta.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.