Lokal | 17. des. 2017

Stoppa fleire i sentrum

– Det er ikkje lov å køyra inn etter klokka 23.

Stoppa fleire i sentrum
Patrulja stoppa fleire bilistar på Osøyro natt til søndag (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamresøndag 17. des. 2017 08:51

Det har vore ei relativt roleg natt på Os for politiet.

– Det var ein som blei truga på essoen klokka 03.47, så der vil det bli oppretta sak i ettertid, fortel operasjonsleiar Hans Eirik Thue ved Vest politidistrikt.

Innkøyring forbode

Patruljen sto gjennom natta i sentrum og kontrollerte bilistar som køyrde inn på Øyro.

– Der har ein ikkje lov å køyra inn etter klokka 23. Det kan vera greitt å minna osingane på.

– Det kan fort bli dyrt for dei som gjer det, men i natt var patrulja snille sidan det nærmar seg jul, så bilistane slapp unna med ei muntleg åtvaring, avsluttar Thue.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.