Lokal | 25. aug. 2020

Stoppa midt på dagen - mistenkt for køyring i rus

Både lokalt politi, UP og vegvesenet har hatt kontrollar i Os dei siste dagane.

Stoppa midt på dagen - mistenkt for køyring i rus
Måndag hadde både vegvesenet, lokalt politi og UP kontroll på E39 Byvegen. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 25. aug. 2020 07:27

Måndag hadde politiet kontroll saman med utrykningspolitiet fleire stadar på E39 Byvegen.

– I 14-tida stoppa vi ein bilist som er mistenkt for køyring i rus, fortel politioverbetjent Atle Birkeland.

Det blei tatt beslag i førarkortet på staden. Mistenkte, ein utanlandsk mann i 30-åra, busett i Bjørnafjorden kommune, blei tatt med til legevakt blodprøvetaking.

Sette bilen frå seg i Langedalen

Klokka 08.50 måndag morgon fekk politiet melding om ein bil som sto med nødblink på i Langedalen. Trafikken kunne passera, men det var ingen personar ved bilen.

Det viste seg at bilførar hadde fått havari, fått bilen inn til sida, og prioritert å koma seg på jobb. Bilen blei taua vekk.

Trafikken gjekk greit forbi den havarerte bilen i Langedalen, men bilen blei til slutt taua vekk. (Ill. foto: KVB)
Trafikken gjekk greit forbi den havarerte bilen i Langedalen, men bilen blei til slutt taua vekk. (Ill. foto: KVB)

Stor samling av støyande ungdom

Måndag kveld, rundt klokka 19.30, fekk politiet melding om ei samling av rundt 20 ungdomar på Os terminal. Dei skal ha spelt høg musikk og vore til sjenanse for andre.

Patruljen svingte innom og fekk ein prat med ungdomane, som er frå 13 til 17 år gamle. Dei fekk beskjed om å dempa seg.

Natt til måndag, i 01-tida, fekk politiet melding om ein rusa mann i Industrivegen. Dei ser det i samanheng med at ein rusa mann blei plukka opp av ambulanse i same gate ein time seinare.

Bruksforbod og gebyr

Statens vegvesen hadde trafikkontroll på E39 ved Hjellemarka måndag på dagtid.

Der kontrollerte dei 8 tunge køyretøy og 3 lettare bilar.

To av dei måtte sikra lasta betre før vidare køyring, éin fekk bruksforbod grunna for stort overheng bak.

Det blei skrive to dekkgebyr grunna for liten mønsterdjupne og fem fekk mangelseddel for tekniske manglar. Det blei òg delt ut nokre muntlege pålegg for mindre manglar.

Lekkasje i bustad

Brannvesenet var i går kveld ute for å hjelpa til i ein bustad på Søre Neset, der det var vasslekkasje.

– Det var brot i eit rør i samband med arbeid på huset. Spruten sto ut av veggen i ein forholdsvis uinnreidd kjellar, opplyser vakthavande ved Bjørnafjorden brann og redning, Martin Østgulen Svendsen.

Brannvesenet hjelpte til med å hindra vatnet i å gjera skade mens det blei ordna tilkomst til stoppekranen, som sto noko vanskeleg til, og å suga vekk vatnet som allereie hadde kome inn.

– Det er verdt å gjera seg kjent med kvar stoppekranen er, og å sikra enkel tilkomst til denne, før du treng den, er eit råd frå brannvesenet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.