Sport | 23. sep. 2009

Stoppa serieleiar

Sotraværingen Anders Glesnes var sentral i sigeren over serieleiar Øygard onsdag kveld.

Stoppa serieleiar
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 23. sep. 2009 21:09

Øygard hadde skåra 80 mål og vunne 16 av 17 kampar før møtet med Os 2 i Øygarden onsdag kveld.

- Dette var ein utruleg sterk prestasjon. Vi avslutta kampen med 8-9 juniorar på banen, mot ein elles så effektivt serieleiar, seier trenar Tore Nielsen om sigeren.

Os vann 1-4 etter å ha leia 0-2 til pause, og klatra tilbake på 2. plass på tabellen.

Målskårarar: Christer Olsen (1), Espen Valvik (37), Erik Kanestrøm (57) og Vegard Leikvoll Moberg (79).Øygard reduserte i 58. minutt.

- Øygard er gode til å koma seg i to-mot-ein-situasjonar framfor mål, men vi stoppa dei effektivt. Høgreback og sotraværing Anders Glesnes (bildet) var ein av dei som utmerka seg svært positivt i dag, meiner Nielsen.

Han nemner også Christer Olsen, som hadde éi skåring og to målgjevande, og Vegard Leikvoll Moberg, som gode i den store kollektive sigeren for andrelaget.

- Vegard er ung, men han spelar som ein ringrev. Det er til å få hakeslepp av, seier Tore.

Gira opp
Sjølv om den første skåringa kom tidleg i kampen, Olsen putta allereie etter eitt minutt, gjekk det ei stund før Os 2 var på trygg grunn.

- I første omgang rota vi vekk ballen litt for lett. I pausen fekk vi fokus på det å våga å halda på ballen. I tillegg justerte vi litt, med å legga Ramo lengre bak, så vi fekk stengt av éi side.

Spelarane blei gira opp allereie på treninga i går, og blei ikkje mindre ivrig etter å vinna etter at Øygard inviterte på cahmapgnefest etter kampen.

- Om det hadde blitt poengdeling så hadde vertane hatt nok poeng til at dei var garantert opprykk til 3. divisjon. At dei tok sigeren på forskot brukte vi for det det var verdt, og det såg ut til å fungera - heile laget leverte i dag, seier Nielsen.

Strønen på legevakt
Ikkje alle kom seg uskadd frå kveldens kamp. Rundt 20 minutt ut i kampen fekk Os-keeper Anders Solberg Strønen eit kne i bakhovudet.

- Eg hugsar berre at eg vakna i garderoben, seier Anders, vel heime etter ein tur til legevakta.

Strønen fekk kraftig hjernerystelse. No må han truleg ha seg ei veke utan trening, og i natt må han vekkast to gongar.

- Det var ekkelt å sjå på, eg er glad det gjekk bra med han, seier trenaren.

Os sitt lag: Anders S. Strønen, Anders Glesnes, Dani Bergstø, Vegard Borgen, Mats Lepsøe, Vegard Leikvoll Moberg, Preben Borgen, Erik Kanestrøm, Espen Valvik, Ramo Racic og Christer Olsen.

Marcus Dalland kom inn for Strønen, Sven Lyssand kom inn for Valvik (85). På benken sat også Kristoffer Sande, Børge Borgen og Espen Kopperud.

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.