Lokal | 13. okt. 2018

Stoppa stri bekk

Oppdaga bekk på veg inn i trafo - treningssenter stengt grunna overvatn.

Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighlørdag 13. okt. 2018 18:13

– Eg var eigentleg på veg til eit anna oppdrag då eg køyrde forbi Borgafjell barnehage, og såg vatnet som var på ville vegar, fortel vakthavande på teknisk drift, Torunn Paus.

– Vi har hatt utfordringar med denne bekken før, og med dei nedbørsmengdene vi har hatt det siste døgnet, var vatnet i ferd med å samla seg rundt trafoen som står ved barnehagen. Trafoen er tilknytta barnehagen.

Paus kontakta brannvesenet som rykka ut med mannskap og utstyr til å leia vatnet vekk frå barnehagen og trafoen.

Litt før klokka 18.30 var mannskapa i full gang med spadar og grapser, og dei hadde lagt ut to «waterguards» som leia vatnet vekk frå barnehagen. Paus fortel at trafoen ikkje ser ut til å ha teke skade av vatnet til no. Representant frå BKK er også på staden.

– Brannvesenet har i tillegg rekvirert ei gravemaskin for å hjelpa på arbeidet, avsluttar Paus.

Treningssenter stengt

Laurdag kveld har det gått ut melding til medlemmar av senteret Aktiv365 i Brugata i Os sentrum.

Det sjølvbetjente senteret skal vera stengt for trening grunna vatn.

Teknisk eining i Os kommune har òg måtta setja ut pumper i Hamnevegen grunna overvatn.

• Skaper vatnet problem der du er? Send tips og bilde til tips@midtsiden.no

– Vi får i tillegg mange meldingar om oversvømte fylkesvegar, seier Paus.

Fylkesvegar er ikkje Os kommune sitt bord. Midtsiden har fått inn tips om mykje vatn på Skeisflaten ved Skorvane og på Lyseklostervegen.

Os brannvesen har ikkje hatt nokre oppdrag i samband med vatn, ved sidan av å assistera teknisk eining ved Borgafjell barnehage.

– Laurdag morgon fekk vi melding om eit tre på rek utanfor Kuvågen, det har vore det einaste til no, utanom vatnet ved Borgafjell.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.