Jakt, fiske og natur | 29. apr. 2021

Stor dugnadsvilje gir bryggeløft i Oselvo

Med eit solid dugnadsoppmøte i Oselvo, vart resultatet sjølvsagt strålande. Sjå bildeserie!

Stor dugnadsvilje gir bryggeløft i Oselvo
Ein solid dugnadsgjeng samlast for å utbetre bryggene i Oselvo. Frå venstre: Tore «På villspor» Moberg, Kenneth «Daien» Husebø og Anders «Hoven» Kloven. (Foto: Remi Bårtvedt)
Ørjan Håland
Ørjan Hålandtorsdag 29. apr. 2021 20:05

Med eit sårt behov for oppgradering av fasilitetane langs Oselvo, samla det seg ein god gjeng frå Os Jakt og Fiskelag, og elles i fiskemiljøet, for å gjera ein solid dugnad før sesongstart.

– Vi vart ein god gjeng som stilte opp på dugnad, og då vart det lett å få mykje gjort. Litt drahjelp frå sosiale medier, der vi har samla mykje folk, har nok bidratt til at folk har fått ting med seg, seier dugnadshøvding, Remi Bårtvedt.

– Vi var ti personar på dugnad samtidig, det har ikkje vore så mange folk saman på éi arbeidsøkt på sikkert over tjue år.

God stemning på dugnad. (Foto: Remi Bårtvedt)
God stemning på dugnad. (Foto: Remi Bårtvedt)

Naudsynt bryggeløft

Bryggene i Oselvo byrjar å dra på åra, og har nok sett sine betre dagar. Med god dugnadsånd og materialar for kring 60.000 kroner, ser det no verkeleg bra ut.

– Vi har vore klar over at desse bryggene har vore i dårleg stand i fleire år, og at det har vore misnøye kring dette. No då dei skulle setja opp prisen på Kremretten, vart det også på sin plass å rusta opp litt.

– Vi har bygd ei heilt ny brygge oppe i Spongo på Tøsdal, det har blitt bygd to nye brygger i Nordmarka og så har vi nødreparert to brygger som vi kjem til å fiksa til neste år, forklarar Bårtvedt.

Ein kan tydeleg sjå at det er tid for ei opprusting av bryggene. (Foto: Remi Bårtvedt)
Ein kan tydeleg sjå at det er tid for ei opprusting av bryggene. (Foto: Remi Bårtvedt)

Fiksa eller stenga

Bryggene i Oselvo har vore under kritikk dei siste åra. Med auka pris på fiskekort, kunne dette blitt grobunn for dårleg stemning.

– Viss vi ikkje hadde fiksa desse bryggene i år, så trur eg faktisk vi hadde måtta stengt dei. Då trur eg desse Kremrett-brukarane hadde blitt "fornøyd", med auka pris og stengte brygger, det harmonerer vel dårleg, humrar Bårtvedt.

Dugnadsgjengen har planar om å møtast igjen før sesongstart 1. juni, men då for å trimma buskane.

– Rett før sesongstart så samlast vi nok att for å klippa litt buskar og preika litt skit, seier Bårtvedt.

Kallenamn-bonanza

Det høyres ut som dugnadsgjengen har blitt godt kjent med kvarandre, og at det har vore god stemning. Bårtvedt kan avsløra at dei alle saman har fått eige kallenamn.

– Njål «Trynet» Lyngvær, Jonny «Puma» Lund, Svein «Henny» Hansen, Asle «Forhuden» Markus, Tore «Spurven» Nilsen, Geir «Pitbull» Eikeset, Audun «Korte» Lange, Anders «Hoven» Kloven, Torodd«Busken» Rimstad, Kenneth «Daien» Husebø, og Tore «På villspor» Moberg er alle heltar i mine auge, humrar Remi «Rombollen» Bårtvedt.

Saka held fram under bildeserien...

Bildeserie:

Flotte forhold gir godt humør. (Foto: Remi Bårtvedt)
Flotte forhold gir godt humør. (Foto: Remi Bårtvedt)
Det kan ikkje berre jobbast, ein må kunna fortelja gamle fiskehistoriar også. (Foto: Remi Bårtvedt)
Det kan ikkje berre jobbast, ein må kunna fortelja gamle fiskehistoriar også. (Foto: Remi Bårtvedt)
Litt «lapping». (Foto: Remi Bårtvedt)
Litt «lapping». (Foto: Remi Bårtvedt)
Spongo på Tøsdal. (Foto: Remi Bårtvedt)
Spongo på Tøsdal. (Foto: Remi Bårtvedt)
Flinke folk i arbeid. (Foto: Remi Bårtvedt)
Flinke folk i arbeid. (Foto: Remi Bårtvedt)
Full kontroll. (Foto: Remi Bårtvedt)
Full kontroll. (Foto: Remi Bårtvedt)
1 av 6
Flotte forhold gir godt humør. (Foto: Remi Bårtvedt)
Det kan ikkje berre jobbast, ein må kunna fortelja gamle fiskehistoriar også. (Foto: Remi Bårtvedt)
Litt «lapping». (Foto: Remi Bårtvedt)
Spongo på Tøsdal. (Foto: Remi Bårtvedt)
Flinke folk i arbeid. (Foto: Remi Bårtvedt)
Full kontroll. (Foto: Remi Bårtvedt)

– Kjempejobb

Formann i Osevassdragets forvaltningslag, Roald Helle, er strålande nøgd med både dugnadsånden og resultata.

– Eg er veldig nøgd med den dugnaden som har blitt gjort i elvo dei siste månadene, det har blitt gjort ein kjempejobb. No har bryggene fått eit skikkeleg løft og så har vi fått rydda godt i alle sidebekkane.

Her kan ein sjå den nye og utbetra brygga på Tøsdal i Spongo. (Foto: Remi Bårtvedt)
Her kan ein sjå den nye og utbetra brygga på Tøsdal i Spongo. (Foto: Remi Bårtvedt)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.