Osingane tar oktoberfest på alvor - det var tett mellom lederhosan og hattar i teltet laurdag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Stor stas med oktoberfest i Os sentrum

Fredag blei halvtam, laurdag var det fullt telt og over 70 på venteliste.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I helga har det vore oktoberfest i telt i Os sentrum. På kokken Peter Moesgård sitt initiativ, i samarbeid med Havnechefen, Catten og Os Sentrumsforening, var det lagt opp til 250 gjestar to kveldar på rad.

– Laurdag kunne vi sikkert selt ut to gongar, vi hadde over 70 på venteliste, fortel Jostein Eck frå Catten og Baronessen.

Fredag blei meir tam, med rundt 70 gjestar, etter at arrangørane hadde «henta» Kristian Valen-publikum frå Oseana med ATV, musikk og fakkeltog.

Laurdag var det fullt telt frå klokka 18.

– Dette var veldig kjekt! Det ser ut som om folk storkoser seg, og vi har fått veldig gode tilbakemeldingar også på maten, seier Josten laurdag kveld.

– Vi har venar i Tyskland og har vore på fleire oktoberfestar før. Det er klart vi stiller når dei lager noko lokalt, vi var òg på oktoberfest på Er-An Veikro for nokre år sidan, seier ekteparet Liv og Einar Øvreberg.

Musikk frå øvste hylle

Fredag var det trubadur Frode Holmefjord som varma opp for Kivi, laurdag var det Midtun Pavillion orkester som varma opp gjestane.

Sjå videosnutt nedst i artikkelen.

Bandet har spelt saman i over 30 år. Ein av dei som har vore med sidan start er Kenneth Milde.

Han er mannen som starta pannekakesuksessen på Joker Søfteland for over 10 år sidan, og fortel om travle tider i orkesteret.

– Vi har spesialisert oss på oktoberfestivalar, det blei fem denne hausten, men vi speler også andre typar musikk, og har oppdrag året rundt.

Etter å ha deltatt på ein stor korpsfestival nord for Barcelona blei dei invitert ned igjen til å opna heile festivalen.

– Der speler vi for 3000 i telt, og vi har hatt opninga kvart år sidan. I år deltok vi for 13. gong. Orkesteret er i full vigør, men vi blir jo ikkje yngre, så vi må nok rekruttera litt framover, seier Kenneth, som sjølv starta i orkesteret før han var 20 år.

Passa på minstemann

To andre deltakarar på oktoberfestivalen på Os, brørne Tony og Roar Wold, var uniformert frå topp til tå.

Roar hadde dessutan med seg ein hjelpar, som kunne bera han på skuldrene.

– No gjeld det å passa på så ikkje han får for mykje å drikka. Han skal jo bera meg i heile kveld, fleipa Roar.

Tony kom nyleg tilbake frå oktoberfest i Tyskland.

– Det var gøy, men det var stort. Laurdagen kunne vi nesten gløyma å gå ut, då sto folk som sild i tønner.

– Og om du reiser på sånne større festar er det nok best å vera ein god gjeng. Vi prøver å samla ein breiare tropp til neste tur, i mellomtida koser vi oss her på Os.

Fleire saker