Storjakt i Strøno
Mannen knuste Samnanger-politibilen med eigen bil før han stakk mot Os. Heller ikkje her let han seg stoppa.


Politiet kontrollerer all trafikk ut frå Strøno måndag morgon, der patruljar jaktar etter ein som stakk frå politiet fleire gongar i natt.
- Det starta i Samnanger rundt midnatt. Ein mann stakk frå politiet og kjørte mot Os. Våre folk prøvde også å stoppa han, men han tok turen til Strøno, med vår patrulje i hælane, fortel Terje Sperrevik.
I Strøno skal han ha stukke frå bilen og hoppa i sjøen for så å symja over til ei naboøy.
Mannen var mistenkt for forsøk på tjuveri av påhengsmotorar då han stakk frå politiet i Samnanger. Her skal han ha knust inn i politibilen fleire gongar, med det som truleg er ein stolen bil.