Større kapasitet – færre oppdrag
Færre brannar og færre trafikkulykker: Med mindre fjerde kvartal blir hektisk må vi 8 år tilbake for å finna lågare tal.
I desember er det to år sidan Os brann- og redningsteneste overtok den nye brannstasjonen på Moberg.
Nytt hus og nytt utstyr - og nytt ustyr og ei ny stilling på veg. Samtidig er talet på brannar halvert.
– Det er god statistikk. Vi håper at forebyggande arbeid har effekt, men vi veit også at statistikk vil svinga.
– Det er små marginer og ofte tilfeldigheiter som avgjer om det skjer ei ulykke eller om det byrjar å brenna, seier brannsjef Stein Gjøsund.
Rekordsommar utan grasbrann
Talet på brann i bygningar gjekk ned frå 13 til 5 frå 2012 til 2013.
Samtidig gjekk talet på grasbrannar opp frå 2 til 12, mens det rekordsommaren 2014 berre var 1.
Brann i bil og båt held seg meir stabilt, det brenn i 2 til 4 bilar i året og i 1 båt per år 5 av dei siste 6 åra.
Færre trafikkulykker
Brannvesenet er ofte ute på trafikkulykker, også her går statistikken ned.
Kvart år sidan 30 utrykningar i 2010 har det vore færre, frå 19 i 2013 til 13 til no i 2014.
Fleire oppdrag samla sett
Trass nedgang i talet på utrykning til brann og trafikkulykker har Os brannvesen samla sett fleire oppdrag enn før.
Frå 209 i 2011 auka samla tal på oppdrag til 231 og 240 i 2012 og 2013, og til no i år har talet auka til 446.
I tilllegg til blant anna hamneansvaret, som er nytt i år, har det blitt nye oppdrag som gir utslag på statistikken.
446 oppdrag er inkludert 282 legekøyringar, så samla oppdrag utan den nye tenesta, per 29. oktober, er 164.
I skjemaet over ser du tal frå 1999 til 2013, og til og med 29. oktober 2014.