Sport | 14. feb. 2014

– Større sjanse i morgon

Sverre er nøgd med OL-debuten og trur han kan gjera det endå betre på 1500 meter i morgon.

– Større sjanse i morgon
Sverre Lunde Pedersen (t.h.) er klar for stjernene. Her saman med lag- og romkamerat Håvard Holmefjord Lorentzen. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 14. feb. 2014 11:19

Han runda av juniorkarriera med å, som første norske skøyteløpar, bli juniorverdsmeister to år på rad.

I fjor blei han senior, førre helg fekk han sin OL-debut.

– Eg er nøgd med mitt første OL-løp, 5000-meteren viser at formen er bra, seier Sverre til Midtsiden etter den fine 5. plassen og tida 6.18,84.

Laurdag står 1500 meter for tur. TV2 sender frå start klokka 14.30.

– Større sjanse på 1500

Sverre sette to nye personlege rekordar i Salt Lake City i november, 6.10,49 på 5000 meter og 1.43,25 på 1500.

I tillegg gjekk han ein imponerande 1500 meter i verdscupen i Astana, der han berre var 9 hundredelar frå pallen.

– Ut frå prestasjonar tidlegare i sesongen har eg større sjansar i morgon enn eg hadde på 5000 meter.

– Det har gått bra på trening denne veka og eg er veldig klar for løp i morgon.

Trekning i ettermiddag

I ettermiddag er det trekning av par.

– Eg er i ei så godt rangert gruppe at det ikkje har noko spesielle ønskje om kven eg skal gå mot, seier Sverre.

Såg ishockey i går

Sverre fortel at han stort sett bruker tida i Sotsji til trening og avslapping, men at han også følgjer med på andre OL-idrettar.

– Det blir mest på TV, men i går var eg og såg Noreg - Canada, fortel han.

Skøytestjerna frå Os, som går for Fana IL, deler rom med Håvard Holmefjord Lorentzen i den "norske" landsbyen i Coastal Village, saman med blant andre dei norske curling- og hockeygutane.

TV2 sender skøyter frå klokka 14.05 til 16.45 laurdag. 1500-meteren startar klokka 14.30.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.