Stort engasjement
Hausttakkefesten på Skorvane trekte nærare 300 menneske - nokre kom med eige vaffeljern for å hjelpa.
Bildeserie:
På laurdag inviterte det ny-oppliva Skorvane Vel til hausttakkefest på leikeplassen i bustadfeltet.
Malen var dei «gode gamledagane» på 80-talet, og inntektene skulle gå til realiseringa av ein gapahuk velforeininga vil byggja i området.
Velforeinga er ikkje heilt i mål med finansieringa av gapahuken, og dette var inspirasjonen til laurdagens arrangement.
– I staden for å sitja og venta, tek vi grep sjølv, sa arrangørane nokre dagar før festen.
Folk strøymde til
Styremedlem i Skorvane Vel, Signe Molland, fortel om ein folksam laurdag.
– Det rann på med folk, og det var tydeleg at mange ville vera med og støtta saka.
– Det artige var jo timinga på véret; vi fekk éi kjapp byge, elles var det sol og overskya heile tida.
Molland anslår at nærare 300 menneske tok turen på laurdag, nokre med hjelp i hand.
– Det dukka jo opp folk med eigne vaffeljern som lurte på om vi trong hjelp!
Arbeidet held fram
Molland seier at laurdagens arrangement gav om lag 14.000,- ekstra kroner i kassen til realiseringa av gapahuken.
– Vi har framleis ein veg å gå, men med så mange gode hjelparar bak oss er vi er overtydd om at det ikkje er lenge før vi kan starta bygginga.
– Når vi ein dag endeleg kan opna gapahuken skal vi syta for at alle som er med og støttar dette prosjektet skal få sin velfortente takk. Det er i alle høve stort å sjå kor mange som har lyst til å hjelpa til.
Isbil med flaks
I tillegg til musikk frå Johannes Agasøster, forteljarstund med Bodil Duesund og dyr som ungane kunne helsa på var det èin som fekk ekstra mykje merksemd på laurdag.
Isbilen.
– Eg lo høgt då isbilen rulla inn på området, fortel Molland. Sjåføren himla med augo då han innsåg at han fekk bingo på ruta si.
– Han vart ståande lenge lenge i tunet, avsluttar Molland.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilbod: 1 månad for 1 kr
No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Frå 145 kr/md.
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.