Lokal | 14. jan. 2013

Strålande skøyteforhold ut veka

Isen er trygg på fleire vatn i Os, og det er venta meir kulde og sol. – Kanskje dukkar det opp ein ny Pedersen i løpet av denne vinteren, ler is-målar John Lepsøy.

Strålande skøyteforhold ut veka
Trygg is-skiltet har kome opp igjen på Banktjørn og ved den sørlege delen av Ulvenvatnet. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 14. jan. 2013 11:50

John Lepsøy, frivillig is-målar i Os, har i dag gjort målingar både på Ulvenvatnet og på Banktjørn.

– Isen er ikkje 15 cm tjukk enno, men den er 13-14 cm og det er snakk om skikkeleg stålis, fortel han.

Han sette derfor opp trygg is-skiltet både på Banktjørn og på den sørlege delen av Ulvenvatnet i dag.

– Med dei meldingane vi har framover vil isen berre bli tjukkare.

– At vi i tillegg får sol må jo vera ypperleg for ungdomane. Kanskje dukkar det opp ein ny Pedersen i løpet av denne vinteren, seier John, og siktar naturlegvis til Sverre Lunde Pedersen, som tok ein imponerande 4. plass i allroun-EM i helga.

Det er meldt sol og kuldegradar så langt Yr og Storm tør å spå.

Yr melder lettskya 5 til 1 minusgrad ut veka, kaldast i starten, litt varmare til helga.

Storm melder 5 til 7 minusgradar utover i veka og nærmast skyfri himmel kvar dag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.