Lokal | 03. juni 2014

Strøno skal bestå

Formannskapet var tydelege på at Strøno barneskule ikkje skal leggast ned, men held opning for at 5. - 7. klassingane kan flyttast.

Strøno skal bestå
Formannskapet vil ikkje legga ned Strøno barneskule (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 03. juni 2014 11:31

Administrasjonen har i tertialrapporten for 1. tertial tatt til ordet for å starta ein prosess med sikte på å flytta elevane frå Strøno til Nore Neset for ei periode frå hausten 2015.

Framlegget har ikkje overraskande engasjert strøningane, som har mobilisert for å verna om skulen sin.

Formannskapet handsama tysdag tertialrapporten, kor eit fleirtal av Frp/H la til ei presisering i at prosessen som skal startast kun gjeld 5. til 7. klasse, slik som budsjettkameratane ba om i verbalvedtaket dei fatta då budsjettet for 2014 blei vedtatt i desember i fjor.

– Vi har bedt administrasjonen utgreia ei samordning av administrasjonen på Strøno og Nore Neset barneskule og å sjå på konsekvensane av å flytta 5. til 7. klassingane frå Strøno til Nore Neset.

– Det har aldri vore i vår munn å legga ned Strøno barneskule. Det at administrasjonen har vald å rekna på meir er forsåvidt interessante tal, men ikkje noko vi kan støtta, sa Marie Bruarøy (H).

Administrasjonen si rett og plikt

Varaordføraren fekk støtte frå ordførar Terje Søviknes (Frp).

– Når det gjeld Strøno så er vi der vi var då vi kom med bestillinga i kommunestyret.

– Administrasjonen er sjølvsagt i si fulle rett, og plikt, til å gjera sine eigne vurderingar.

– Det kan vera nyttige tal, men når vi er i ein situasjon kor vi veks og veit at det er store framtidige utbyggingsområder på Strøno, så er det viktig å halda skulen i gang.

– Ikkje berre for det kollegiale, men òg for å oppretthalde den funksjonen skulen har i lokalsamfunnet.

– Det at 5. - 7. klasse flyttar til Nore Neset, etter modell lik den som var for Halhjem barnetun, vil ikkje vera noko nytt for strøningane, slik har det vore tidlegare også, meinte Søviknes.

Klart nei

Lars Atle Skorpen (Ap) og Eirik Neverdal (Tvs) var endå tydlegare i at det var uaktuelt å flytta elevar frå Strøno.

– Ap var det einaste partiet som frå dag éin var imot å bussa elevar frå Os sentrum til Søfteland.

– Vi har ikkje endra vårt prinsippielle syn på det og vil jobba for at skulen i Strøno skal oppretthaldast, fortalde Skorpen, som òg frykta at ei flytting av 5. - 7. klassingane ville vera eit signal på nedbygging og nedprioritering.

– Vi vil òg kjempa for krinsskulane. Det gjekk vi til val på, og det står vi for.

– Administrasjonen har både rett og plikt til å gjera det dei meiner er påkrevd og fremja det for politisk handsamning.

– Men å gje ei førehandsgodkjenning på nedleggelse, slik eg opplever at rådmannen gjer her er uaktuelt. Ei slik førehandsgodkjenning får du ikkje frå meg, helsa Neverdal.

Ikkje nedprioitering

Marie Bruarøy såg seg nøydd til å kommentera Skorpen si frykt for nedprioritering av skulen om 5. - 7. klassingane blei flytta.

– Det er det ikkje, vi tenkjer motsett. Dei vil få eit større læringsmiljø og ikkje minst eit større sosialt miljø som kan ha mange fordelar før dei går over på ungdomsskulen.

– For dei minste er nærleik og tryggleik viktig, difor meiner vi at dei framleis skal vera på Strøno. Eg vil ikkje kalla dei ei nedprioritering, men ei styrking, svara Bruarøy.

Var eit kvileskjer

Rådmann Knut Terje Rekve følte eit behov for å forklara kvifor han hadde brakt diskusjonen om Strøno opp i framlegget til vedtak.

– Det er stor forskjell på teknologi og politikk.

– For meg, som teknokrat, så ser eg på kva rammer har eg og korleis kan eg tilpassa driften.

– Vi kunne fort ha lent oss på vedtaket frå kommunestyret og innført det allereie frå hausten av, men vi var usikre på ein slik prosess, difor denne saka.

– Når det gjeld om ein skal flytta heile skulen eller ikkje, så handlar det om kor mykje eller lite som blir att.

– Det er mykje gult på kartet i Strøno (område for bustadutbygging, journ.mrk), så det å legga ned skulen var ikkje i mitt hovud.

– I framlegget presiserer vi at det var ei midlertidighet, som kunne gje oss eit kvileskjer for å sjå kva vi skulle gjera vidare, presiserte rådmannen.

TvS stemte for å ta heile punktet ut av vedtaket som ein sender vidare til kommunestyret. Då dette ikkje fekk tilslutning stemte dei fire representantane frå Ap/TvS og V mot punktet, men det endelege vedtaket, fatta av dei fem frå Frp/H, blei altså ei presisering om at prosessen ein skal starta kun skal gjelda elever frå 5. - 7. trinnet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.