Sport | 31. aug. 2009

Styrka med tre

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 31. aug. 2009 10:56

Vi har tidlegare skrive om situasjonen i damelaget, som mista fire viktige spelarar i haust grunna skule og flytting. Utanom dei to som nyleg kom frå Fusa har dei no fått tre nye spelarar.

- Det er eg veldig glad for! Med to ute med sjukdom før kampen i går hadde vi knapt kunna stilt lag hadde det ikkje vore for at Marianne Sperrevik var sporty og stilte klar til kamp, seier trenar Terje Erstad.

I tillegg til Marianne, kona til toppskårar på herrelaget, Tim Henrik Sperrevik, har Os fått dei tidlegare aktive fotballspelarane Kari Fløysand Hjørnevik og Linda Straumsnes med på laget.

- Dei har framleis mykje i seg, blant anna les dei spelet godt. Marianne gjorde god figur, og desse nye kjem til å bli viktige for oss i haust, trur Erstad.

Knepent tap
Sundag møtte Os andrelaget til Arna-Bjørnar på Kuventræ. I fjor vann Os begge kampane mot gjengen frå Arna, i går blei det jamnare.

- Dette er eit lag vi liker godt å møta. Dei speler fin fotball og det blir alltid gde kampar når vi møtast. I går fekk dei eit mål i første omgang. Vi skapte minst like mange sjansar, men klarte dessverre ikkje å skåra.

Kampen enda 0-1 (0-1)

- Det er kjekt å sjå kor godt jentene leverer når store delar av den tidlegare stamma er vekke. Dette er også noko eg fekk kommentar om frå tribunen i går.

- Malin Moldskred og Caroline Nilsen er blant dei som fortener skryt etter innsatsen i går. Jeanette Kallekleiv var også god i mål, kaptein Helene Nøss styrte laget godt og midtstoppara Silje Pedersen var ikkje enkel for motstandarane å ha i hælane, seier Erstad.

Damelaget spelar neste kamp på bortebane mot Djerv. Djerv ligg på plassen over på tabellen, med 11 poeng mot Os sine 8, så her satsar osingane på å ta med seg full pott heim.

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.