Næringsliv | 06. mars 2019

Subway vil til Os

Søker etter franchisetakar og er i dialog med Amfisenteret.

Subway - her reperesentert ved utsalet i Arendal, vil til Os. (Foto: Subway Norge/Facebook)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 06. mars 2019 08:54

Dei kallar seg verdas største sandwichkjede, amerikanske Subway, starta av Fred DeLuca i USA i 1965, har over 44.000 restaurantar på verdsbasis.

No ønskjer dei å etablera seg i Os.

«SUBWAY® åpner nå ny restaurant i Os og søker nå etter deg som har en drøm om å starte en egen restaurant! (...) Vi kan tilby en unik forretningsmulighet og søker derfor etter deg som er interessert i å være din egen sjef og bygge opp en egen virksomhet med støtte fra et kompetent og velorganisert støttenettverk» skriv Dreamworks på vegne av Subway Norge i ei fersk stillingsannnonse.

Adressa er oppgitt til 5210, altså Os nord.

– Eg liker ikkje å kommentera nye leigetakarar før kontrakt er signert, og det blir ikkje signert kontrakt før ein eventuell franchisetakar er på plass.

– Men eg kan stadfesta at vi er i dialog, og at det i så fall er lokalet som butikken «Bare Barn» hadde fram til no på nyåret, seier Solveig Oksholm Hunhammer, eigedomssjef i Thon Vest.

Subway er kjent for «raske, næringsrike måltid for heile familien» i form av heile og halve sandwicher med ulikt innhald.

– Eg trur Subway vil passa godt inn i miksen på senteret, og elles i Osbygda, både for dei som vil ha eit raskt måltid som lunsj eller etter trening, og for ungdom generelt. No når senteret er ope til klokka 21, er denne forma for servering endå meir aktuelt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.