Øyafest | 02. aug. 2022

Sundøy Arena tar form

Ein stor dugnadsstyrke brukte berre to timar på å dekka fotballbanen. – No har folk byrja å kjøpa bussbillettar òg, seier arrangørane nøgde.

Festivalteltet skal stå i full banebreidde langs gjerdet nærmast, den største scenen skal stå på den grøne flekken til høgre. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 02. aug. 2022 10:05

Torsdag er det kickoff med gratiskonsert i Humrahølo, fredag er det familiefest og festivalkveld på Sundøy Arena.

Arrangørane er førebudde, og har saman med ein stor dugnadsgjeng kome i gang med å rigga festivalområde på Øyglimt-banen ved Søre Øyane barneskule.

Bildeserie:

Bygg-rådgjevar Andreas Eriksen var så proff i stilen at han nesten blei avdelingsleiar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
To av dei frivillige, Robert Bøthun (t.v.) og Geir André Johnsen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Bygg-rådgjevar Andreas Eriksen var så proff i stilen at han nesten blei avdelingsleiar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
To av dei frivillige, Robert Bøthun (t.v.) og Geir André Johnsen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 2
To av dei frivillige, Robert Bøthun (t.v.) og Geir André Johnsen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Bygg-rådgjevar Andreas Eriksen var så proff i stilen at han nesten blei avdelingsleiar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

– Rundt 30 møtte på dugnad, og det gjekk berre rundt to timar å legga dekket, seier ein av dugnadsdeltakarane, Robert Bøthun.

Det tilsvarer omtrent tempoet då Øyglimt i 2010 gjekk frå grus til kunstgras.

Les ògRulla ut i rekordfart

2000 kvadratmeter med dekke ligg over mesteparten av fotballbanen.

I tillegg blei det sett opp 200 meter med byggegjerde, som avgrensar festivalområdet, eit prosjekt som starta ein dag før tida.

Legging av dekke blei ein rask, men presis affære. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

– Tysdag er det møte med frivillige, onsdag skal scene riggast og festivaltelt med bar og scene nummer to setjast opp, fortel styremedlem Ivar Bøthun.

– Me er heldige og har fått mange frivillige som vil jobba dugnad! Det er noko overvekt på rigging, sidan mange av dei vil delta på festen, så det er framleis behov for eit par til på kvelden fredag.

Mat-teltet er på plass i motsett ende som festivalteltet, som skal opp onsdag. (Foto: KVB)

Eit mindre telt, for sal av mat, blei sett opp i går.

– Her kjem Inglaug (Brimsholm) frå Bunnpris med «butikken-pizza» og Havnechefen med noko passande nattmat, fortel Ivar om noko han trur blir ein god duo og passande meny.

Då Midtsiden svingte innom sto Ivar og styreleiar Tommy Aasen og snakka med eit til no upublisert namn på plakaten.

Lokalrevy-skodespelar Jan Helge Corneliussen har sagt ja til å vera konferansier.

Cornel var i vår sjølv med på ein sketsj på revyen Nor og ne som hylla den raske responsen på den nye festivalen (i motsetnad til ein annan festival).

Les ògNor og ne - frå sketsj til sketsj

Øyafest, som allereie har selt mange koppar, gensarar og andre Øyafest-effektar, har også uniformen til konferansieren klar.

– Team Baggen har hatt ein travel sommar, men er raske med å snu seg rundt, og fleire effektar klare for sal under festivalen.

Tommy har skaffa dekorert jakke til Jan Helge. Ivar til høgre. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Sidan billettsalet og sponsormarknaden gjekk langt betre enn budsjettert, er det andre ting enn økonomi arrangørane er spente på no; vêret, gjennomføringa og heimreisa til gjestane.

Vêret, som dei foreløpig ikkje styrer sjølv, ser nokolunde ut, med opphaldsvêr torsdag og delte meingar fredag, der Yr melder regn og Storm melder sol.

Heimreisa er noko anna.

Viss over halvparten av dei 1.000 gjestane ikkje bur innan gåavstand, at det er 500-600 som skal innover land, kan det bli hektisk for både Os Taxi og privatpersonar som skal henta.

Arrangørane har i første omgang sett opp to bussar på natta, der den eine går via Nore Neset til Os, den andre via Halhjem.

Lenge hadde dei berre selt éin bussbillett.

– Men i dag gjekk det heldigvis unna ein del, det er godt å sjå at gjestane førebur seg, sa Ivar måndag.

– Dess tidlegare folk kjøper bussbillett, dess betre grunnlag har vi for eventuelt å setja opp fleire bussar. Eg flest mogleg som skal på festivalen snarast lager ein plan for returen, sånn at også timane etter siste konsert blir smidige.

Det er også knytt spenning til mengda gjestar på gratiskonserten torsdag, spesielt med tanke på at det lenge har vore utselt på fredagen.

Humrahølo ligg rett nedanfor snuplassen ytst på Røtinga, men det er få parkeringsplassar og det går ingen buss heim igjen på kvelden.

Programmet

Torsdag kl 20, Humrøhalo (gratis): Christer Røttingen og Berit Håpoldøy

Fredag kl 13, dagtid (gratis): Familiefest med blant anna besøk av Bjørnis

Fredag kl 18, festivalkveld (utselt): Frode Holmefjord, Goggen og Martine Frotveit Johnsen i stortelt, Vestlandsfanden og Gunslingers på scene ute.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.