Festivalar | 20. mai 2022

Øyafest slepp dei fem nest siste

Opnar samtidig opp for nokre få tilleggsbillettar.

Øyafest slepp dei fem nest siste
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 20. mai 2022 07:45

Øyafest, den nye festivalen som skal spelast på fotballbanen på Sundøy i Søre Øyane, har frå før Vestlandsfanden og Gunslingers på plakaten.

I dag slepp dei fem namn til:

Frode Holmefjord, Goggen, Martine Frotveit Johnsen og Berit Håpoldøy skal på scenen på Sundøy fredag 5. august.

Bildeserie:

Frode Holmefjord. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Frode Holmefjord. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Martine Frotveit Johnsen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Martine Frotveit Johnsen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Goggen. (Foto: Topparrangement.no)
Goggen. (Foto: Topparrangement.no)
1 av 3
Frode Holmefjord. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Martine Frotveit Johnsen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Goggen. (Foto: Topparrangement.no)

– Me tenkte dette var ein fin miks. Første musikar går på scenen klokka 18, siste band går på rundt klokka 23. Me håper folk kjem tidleg og får mest mogleg ut av denne første festivalen, seier styremedlem i Øyafest, Ivar Bøthun.

– Frode er ein populær, flink og allsidig trubadur, Goggen er ein trubadur som får folk opp på bordene og Martine er ein up-and-coming vokalist som me trur mange vil høyra igjen etter den fullsette sleppefesten for debutsingelen.

Les ògVellykka release av Martine

Øyafest var i utgangspunktet utselt, men legg ut nokre få ekstrabillettar i samband med dagens slepp.

Skal laga liv i teltet

Desse tre skal alle spela i det 500 kvadratmeter store teltet som skal gå på tvers av heile banen.

Teltet skal gå i full breidde på midtbanestreken. Scenane skal stå ved sidan av kvarandre på motsett langside av banen (med opning mot skulen). (Foto: KVB)
Teltet skal gå i full breidde på midtbanestreken. Scenane skal stå ved sidan av kvarandre på motsett langside av banen (med opning mot skulen). (Foto: KVB)

Også Berit Håpoldøy skal spela i teltet.

Den godt etablerte americana-musikaren frå Askøy står sjølv for vokal, gitar og torader, og har med seg Lars Hammersland på tangentar og Eirik Utne på gitar, mandolin og vokal.

Berit Håpoldøy har med seg Lars Hammersland og Eirik Utne.
Berit Håpoldøy har med seg Lars Hammersland og Eirik Utne.

– Tanken er at Berit skal spela mens vi riggar ned Vestlandsfanden og gjer klart for Gunslingers. Vestlandsfanden er eit stort orkester, så det tar tid.

– Men det er mogleg at ho også speler litt i teltet i forkant, at ho får ei todelt oppgåve.

Samlar seg i «fjero»

Kvelden før éindagarsfestivalen, på maritim scene i badevika Humrahølo ytst på Røtinga, skal to artistar spela.

Ein av dei er klare, den lokale, allsidige revystjerna Christer Røttingen får sin debutkonsert dagen før dagen.

Christer Røttingen, her på Øyarevyen. Han har kortare hår no. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Christer Røttingen, her på Øyarevyen. Han har kortare hår no. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

– Christer er eit multitalent som speler ei rekkje instrument, frå trekkspel og munnspel til piano og gitar. Me som kjenner han gler oss ekstra til denne kvelden.

Kick off torsdag 4. august er gratis og utan aldersgrense.

– I Humrahølo skal me rigga ein scene som nesten står ut i vatnet, og så kan folk sitja oppover på svaberga, som utgjer eit fint amfi.

– Så får me sjå kven Christer skal dela scene med, det blir siste slepp til årets festival.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.