Kultur | 15. sep. 2011

Sunn middag på ein halvtime

Sjå oppskrifter: Lag sunn fiskemiddag på ein halvtime. Vi har tipsa frå Fisketorget.

Sunn middag på ein halvtime
Andris Hamretorsdag 15. sep. 2011 12:38

Saman med Turid Leikvoll Hjelle på Fisketorget har Midtsiden satt saman to raske middagsoppskrifter som du kan lage frå boten uten særleg forkunnskap eller kokkeerfaring.

Fiskeform frå skulekjøkenet

(til fire personer)

Dette treng du:

  • Om lag 600 gram av dagens fisk (t.d. brosme, torsk, lyr)
  • Grønsaker du har liggande i kjøleskapet (t.d. purre, squash, brokkoli, gulrot)
  • Fiskesaus (lagast frå botn eller kjøpes ferdig i pose)
  • Riven ost
  • Cherrytomater
  • Ris

Lag fiskesausen som anvist på pakken. (Om du lagar den sjølv smelter du eit par spiseskjeier smør i ei panne, tilset kveitemjøl til det blir ei tjukk masse, spe med fiskekraft eller fiskebujong til sausen blir som ei litt tjukk suppe, smaksett med salt og pepper)

Legg grønsakene i botn av ei eldfast form, legg dei reinsa og beinfrie fiskestykka oppå.

Hell over fiskesausen. Strø reven ost over, pynt med cherrytomatane og sett inn i omnen på 200 grader til fisken er ferdig (omlag 15 minutt).

Kok ris som vist på pakken.

Fiskegryte/-suppe

(til fire personar)

  • Om lag 600 gram dagens fangst (bland gjerne forskjellige fiskslag)
  • Kvit saus (smør, kveitemjøl, fiskekraft/-buljong)
  • Grønsaker (t.d. gulrot, lauk, purre, blomkål)

Valfritt:
1 dl Rømme
1 dl Fløte
Reker og blåskjell

Lag den kvite sausen med å smelte smør i ei panne, strø eit par spiseskjeer kveitemjøl i det smelta smøret medan du rører konstant. Når du har fått ei relativt fast masse sper du med fiskekraft/buljong til sausen får «suppekonsistens».

Tilsett eventuell rømme og fløte (kan droppast om du ønskjer).

Legg grønsakene (kutta i terningar) i suppa og la det småputre i omlag 5 min. Legg fisken som du har skåren i terningar opp i suppa og la det heile trekkje i 5 minutt.

Om du ønskjer legg reker og blåskjel oppi suppa omlag eit minutt før servering.

Server med brød og smør.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.