Kultur | 11. feb. 2017

Supersmud haust på Oseana

Dagfinn Lyngbø og Ingrid Bjørnov er blant dei som er booka til Oseana etter sommaren.

Supersmud haust på Oseana
Både Dagfinn Lyngbø og Ingrid Bjørnow kjem til Oseana til hausten. (Foto: John Andersen og Mona Nordby)
Andris Hamrelaurdag 11. feb. 2017 09:00

Bildeserie:

Frode Grytten sitt nye stykke om kjærleik har premiere i Oseana. (Foto: Marte Garmann)
Frode Grytten sitt nye stykke om kjærleik har premiere i Oseana. (Foto: Marte Garmann)
Pulverheksa kjem òg til Os. (Foto: Fredrik Arff)
Pulverheksa kjem òg til Os. (Foto: Fredrik Arff)
1 av 2

Dagfinn Lyngbø kjem med «Supersmud» og Ingrid Bjørnov med «Steinway to heaven».

Arrangementssjef Berit Steen er sprekkeferdig etter å kunna presentera fire av haustens artistar.

- Det er alltid kjekt å sleppa nokre kattar ut av sekken, seier Berit Steen med eit smil.

No kan ho avsløra både turnépremiere og publikumsfavorittar for store og små.

Bestseljaren Dagfinn Lyngbø

Dagfinn Lyngbø kjem 8. og 9. desember med sitt siste suksesshow, «Supersmud».

– Dagfinn er ein populær kar, og har seld tre fulle hus på Oseana tidlegare.

– Når han no kjem med eit show det er trilla Yatzy i både femmarar og seksarar for, har vi stor tru på at mange osingar og fusingar ønskjer å få med seg dette. Derfor opnar vi like godt opp for framsyning to dagar på rad.

Lyngbø har hatt stor suksess med sine tidlegare show, og med heile åtte komiprisar har han posisjonert seg som ein av landets mest populære, og ikkje minst folkekjære komikar. «Supersmud» går for fulle hus på Latter i Oslo denne våren, og showet har til no seld ufattelege 80.000 billettar!

-I dag legg vi 1000 Lyngbø-billettar ut for sal, så håper vi at totalsalet for Supersmud snart er 81.000, seier Steen.

Nytt soloshow av Bjørnov

Det er ikkje berre Lyngbø som har blitt godt mottatt i Oseana tidlegare, også Ingrid Bjørnov har vore på Mobergsneset med suksess.

Ingrid Bjørnov kjem med sitt nye soloshow, «Steinway to heaven», 16. oktober.

Bjørnov har gjesta Oseana tidlegare både aleine og saman med parhest Øystein Sunde.

No inviterer ho til klassisk himmelferd med støttestrømper, lausvipper og oppstemt flygel! Her er det berre å ta plass og nyte dette musikalske geniet sine skråblikk på livet og kvardagen.

Ny og vanleg kjærleik av Frode Grytten

20. september blir det turnépremiere med Riksteatret, då dei kjem med av det nyskrivne stykket «Albert & Anna» av Frode Grytten.

Grytten har skrive ein varm og vakker hyllest til livslang kjærleik, vist til oss gjennom samlivet til ekteparet Albert og Anna. Om stykket har Grytten sjølv sagt:

– Eg ville laga ei historie om heilt vanleg kjærleik, slik dei fleste av oss lever ut. Det er så utruleg mange kjærleikshistorier i omløp i dag, men ofte handlar dei om ulovleg, umogleg eller ung kjærleik. Eg var nyfiken på å sjå korleis den heilt vanlege, kvardagslege kjæreiken ser ut, den dei fleste av oss lev i.

– Naturleg å velja Oseana

Teatersjef for Riksteatret, Tom Remlov, gler seg til å presentera eit heilt nytt stykke for osingane.

- Når vi no bestiller eit heilt nytt teaterstykke av ein av våre mest folkekjære forfattarar, som attpåtil kjem frå Odda, er det heilt naturleg for oss å velja Oseana som turnépremierestad.

– Osingane har nase for godt teater, og det er ei fryd for Riksteatret å samarbeide med ein så profesjonell og framoverlent arrangør. Gang på gang klarer dei å fylle Riksteatret sine framsyningar til randen med eit teaterinteressert publikum.

– Vi har ikkje starta prøvane på Albert og Anna enno, men eg trur eg med handa på hjartet kan seie at osingane kan sjå fram til ei perle av ei framsyning.

Regien er ved Hildegun Riise, og stykket produserast i samarbeid med Den Nationale Scene i Bergen.

Riksteatret byr også på noko for dei minste. 6. oktober står Maj Britt Andersen på Oseanascena som sjølvaste Pulverheksa. Framsyninga «Pulverheksa og vennene hennes» er basert på dei tre siste bøkene i den populære barnebokserien, og har gleda mange tusen born både på teaterscena og i bokform dei siste åra.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.