Næringsliv | 01. sep. 2011

Sushi i sentrum?

Gutta bak restaurant Færingen er nøgd med starten. No syslar dei med tanken å starta sushirestaurant på Osøyro.

Sushi i sentrum?
Andris Hamretorsdag 01. sep. 2011 05:39

Samstundes med opning av Oseana kunst og kultursenter starta Færingen restaurant og kafé. Etter nokre hektiske opningsveker kor delar av utstyret sto fast på Bergensbanen grunna brannen ved Haugastøl er no alt på plass og kvardagen i ferd med å overta.

- Det blei ikkje heilt som vi hadde tenkt, men vi gjorde det beste utav det og kom i land, smilar Bjørn Mogenstad.

Over all forventning

Drivarane av restauranten var spente på korleis juli ville bli etter at det første «ståket» hadde lagt seg.

- Vi er heilt overvelda over kor bra juli blei.

- Dagsomsetninga var omlag dobbelt så høg som vi hadde budsjettert med.

- Kven har besøkt dykk?

- Det har vore hyttefolk rundt Bjørnefjorden, osingar og eindel bergensarar som har tatt ein dagstur til Os for å ta huset i augesyn og å freista maten hos oss.

Mogenstad fortel at dei no har kome til kvardagen og har ei dagsomsetning meir på normalen.

- Det er omtrent det vi har budsjettert med, så det går etter planen. I tillegg kjem dei arrangementa på Oseana som skal ha servering.

Jaktar lite lokale i sentrum

Såpass bra har det gått for dei driftige gründerane at dei no leiker med tanken å starta ein restaurant til i Osbygda.

- Vi har begynt å sjå litt etter eit lite lokale i Os sentrum som vi kan starte ein liten sushirestaurant i, fortel Mogenstad.

Han fortel at ein slik restaurant ikkje krev så mykje plass eller investeringar.

- Det er nesten så det held med ein riskokar og ein benk til å tilbereia rettane.

- Lagerplass treng vi ikkje sidan alle råvarene må vera heilt ferske, forklarar den moglege sushikokken.

Hjort og sundagsbuffet

Om dei ikkje kjem i gang med sushirestaurant før jul, er i allefall planane for Færingen klare for hausten.

- Vi lanserte ny meny på måndag, så no er hjorten og kantarellen komen på bordet, fortel ein av dei andre gründerane Sverre Angus Hugøy som har gjort osing av seg etter at dei starta opp på Oseana.

- I tillegg har vi starta opp sundagsbuffet frå 13 til 17 med varme og kalde retter.

- Grunnen til at vi har starta det tilbodet skyldast at vi såg at sundagsettermiddagane/-kveldane var lite besøkte. Vi håper det nye tilbodet vil hjelpe på dette, fortel Hugøy.

Alver til jul

Nærare jul har dei to guttane planar om julebord, lutefiskaftenar og familievennleg julearrangement.

- I fjor arrangerte vi familiejulebord på Fana Golfklubb kor vi hadde nokre «Alvar» som tok seg av ungane slik at foreldra kunne få tid til å kose seg med maten og kvarandre.

- Det blei ein kjempesuksess som vi håpar å få til også her på Os i haust, fortel dei to.

Julebordsesongen startar for dei to i midten av november og strekk seg fram til juleaften.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.