Lokal | 24. juni 2017

Suveren vinnar-and

Video: Fin elv gav flott andeslepp og suveren vinnar-and. Sjå premievinnarane her.

Andris Hamrelørdag 24. juni 2017 15:31

Os Handball arrangerte laurdag andesleppet for fjerde gang i Oselvo. Dei 1311 endene blei tradisjonen tru slept laus frå gamlebrua og hadde som oppgåve å ta seg raskast mogleg ned til gjerdet som var spent opp over elva ved handicapbrygga.

– Det var ei fin elv i dag med mykje vatn og gode forhold, seier andegeneral Tore Hisdal.

Saman med spelarar frå herre- og G16-laget sørgja Hisdal for eit vel gjennomført løp, leia av speaker Tore Kleppe, som kunne røpe at fleire av endene hadde vore på høgdeopphald i Korkavatnet.

Flytta frå haust til vår

Årets løp blei for første gang arrangert på våren.

– Vi hadde lyst til å ha det i samband med marknadsdagane på Osøyro, slik at enno fleire kunne koma å sjå. Når både svanefolket og fiskarane sa det var greitt, så var det berre å gi gass, seier Hisdal.

At taktikken med å få mykje folk til å sjå lukkast handballgruppa med. Det har aldri vore så mange som sto på brygga og såg plastendene sin kamp om å koma først til mål.

Her er vinnarane:
1. premie, Jarle Reisnes
2. premie, Geir Lepsøe
3. premie, Camilla Borg Borgen
4. premie, Fredrik Pedersen
5. premie, Oddleif Eide
6. premie, Isabell Eriksen
7. premie, Siv Evy Økland
8. premie, Terese Kraft
9. premie, Jorun S. Lygren
10. premie, Jorunn Færøy
11. premie, Kine Øvrebotten
12. premie, Randi Austefjord
13. premie, Maya Emilie Skudal
14. premie, Berit Rougne
15. premie, Robert Aulestad

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.