SV full i kamplyst
– Vi må kasta den blå-blå regjeringa, dei har rasert arbeidsmiljølova, sa Hege Bjørnør frå Os på SV sitt landsmøte.
Hege Bjørnør, leiar i Os SV, deltok på landsmøtet i SV. Der tok ho òg ordet.
- Vi må kasta den blå-blå regjeringa. Vi har ei regjering som med sin privatiseringsiver legg til rette for ei rasering av tilsette sine pensjonar, lønns- og arbeidsvilkår. Denne regjeringa sto for ei rasering av arbeidsmiljølova, sa Bjørnør.
– SV vil reversera desse endringane, vi vil ha ein arbeidsmiljølov som bygger på dei tradisjonane vi kjenner, ei lovkor vern av arbeidstakar er sentral, ei lov som støttar kollektive avtalar, med moglegheit for lokale avtalar framforhandlet av likeverdige partar i arbeidslivet.
Bjørnør deltok på eit landsmøte der partileiar i SV, Audun Lysbakken, starta med å snakka om at det er tid for forandring i Noreg.
– Dette valet skal bli eit oppgjer med den aukende ulikheita, vi skal byta ut forskjellsregjeringa med eit flertal for forandring, sa Audun Lysbakken i landsmøtetalen.
• Les òg: SV med ekstra høg vekst i Os (januar 2017)