Sport | 03. mars 2019

Svak sisterunde på sterk 5000-meter

VM allround, Calgary: Sverre ligg på 2. plass samanlagt etter 3. plass på både 500 og 5000 meter.

Svak sisterunde på sterk 5000-meter
Sverre Lunde Pedersen, her då han tok gull i VM enkeltdisansar for ein månad sidan, heldt ikkje heilt til mål i dag, men ligg på 2. plass samanlagt. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 03. mars 2019 00:17

For ein månad sidan tok han gull i VM enkeltdistansar og sette med 6.07,16 ny banerekord og norsk rekord på 5000 meter i Inzell.

No er Sverre Lunde Pedersen godt i gang med VM allround i Calgary.

Tidlegare i dag sette han ny personleg rekord og landa på 3. plass på 500 meter.

Litt før midnatt norsk tid gjekk han 5000 meter, i 9. av 12 par mot nederlandske Douwe de Vries.

Sverre gjekk i mål på 6.10,10 og overtok leiinga, de Vries la seg på førebels 2. plass med tida 6.12,72. Sverre starta svært godt, men dei to siste rundane gjekk han opp frå 28,9 til 29,9 og 31,4.

Dei to siste svake rundane gjorde at Sverre si tid ikkje blei god nok til meir enn 3. plass.

For i dei to neste para kom Sven Kramer og Patrick Roest, begge starta rolegare og låg bak Sverre på store delar av løpet, men heldt rundetidene nede heilt til mål og tok 2. og 1. plassen på distansen.

Kramer, som persa og sette banerekord på 6.03,32 på denne isen i 2007, overtok leiinga med 6.08,96. Patrick Roest i nest siste par, også han kalkulert i starten, før han suste inn til ny personleg rekord og overtok leiinga med 6.08,27.

– Det er tynn luft her. Sverre bruker av og til litt tid på å tilpassa seg høgda, sa NRK-kommentatorane.

Isen i Calgary ligg 1.105 meter over havskorpa.

Ted-Jan Bloemen og Sergey Trofimov i siste par plasserte seg på 5. og 19. plass.

Sindre Henriksen gjekk i andre par og kom i mål på 6.26,64 (18. plass), Håvard Bøkko gjekk på 6.29,43 (20. plass).

Slo 4 år gamal pers på 500 meter

Tidlegare i dag sette Sverre ny personleg rekord og tok 3. plass på 500 meter med tida 35,85.

Førre personlege bestenotering på 500 meter er frå 7. mars 2015, også den i Olympic Oval. Sverre gjekk i 10. av 12 par, mot Haralds Silovs frå Latvia.

Håvard Bøkko kom på 4. plass, Sindre Henriksen på 6. plass og Sven Kramer på 9. plass.

Antoine Gélinas-Beaulieu frå Canada, som gjekk i andre par, vann distansen på tida 35,53. Nederlandske Patrick Roest, som gjekk i siste par mot landsmannen Sven Kramer, tok 2. plassen på 35,74.

Begge dei to var blant 11 utøvarar som skjerpa persen sin i dag.

1500 og 10.000 meter søndag

I allround-VM i fjor, då Sverre leia suverent, men ramla 6000 meter ut i 10.000-meteren, var osingen den første sidan 2006 som slo Sven Kramer i eit VM eller EM då han banka nederlenderen på 5000 meter.

Den gong reiste han seg, slo Sven Kramer, men måtte nøya seg med sølv bak Patrick Roest.

To distansar står igjen i allround-VM, begge blir vist direkte på NRK2:
Søndag kl 20.50: 1500 meter
Søndag kl 22.25: 10.000 meter

Før dei to siste distansane ser det sånn ut samanlagt:
1. Patrick Roest total 72,567
2. Sverre Lunde Pedersen +0.88
3. Sven Kramer +2.18
4. Douwe de Vries +3.50

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.