Svane i trøbbel
VIDEO: Heile svanefamilien var samla rundt ungen som sat fast i eit tau i Os hamn i dag. Men så kom brannvesenet.
Fem av dei sju ungane til knoppsvaneparet i Oselvo har vakse opp, men i dag var ein av dei i trøbbel.
Og tipsa kom tett som hagl til brannvesenet om svaneungen som sat fast i eit tau innanfor den gamle moloen utanfor Os kai. Til og med to barnehagetilsette med to ungar kom bortom stasjonen medan brannvesenet heldt på å pakka i bilen.
– Det ser ikkje ut som om det skal vera vanskeleg å få han laus, men eg er redd for å skada svanen så eg vil ikkje prøva sjølv, sa Bjørn Åge "Bønni" Olsen, ein av tipsarane.
Brannvesenet tok med seg ei rive og fekk tatt svaneungen til land for å kappa tauet.
– Eg trur det var viktig å hjelpa han raskt, hadde ein mink sett dette så kunne den gått til angrep, trur Olsen.
Hamnesjefen heldt seg i ro
Svanefar "Hamnesjefen", som sjølv har fått hjelp av brannvesenet då han hadde fiskekrok i neppet, og seinare blei tatt på land for å få behandling for blyforgifting, freste litt, men lét brannvesenet gjera jobben sin.
Og svaneungen såg uskadd og fin ut etter den effektive redningsaksjonen.
VIDEO: Sjå redningsaksjonen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)